tysdag 16. mars 2010

Innkalling


Slik ser mjølkesyra ut. Han er din ven:)

No er det på tide å blåse liv i gamle knøtteskrotter! Eg vil ikkje venta lenger.

Det har vore den lengste vinteren ein kan minnast, og det vil vera naivt å tru at det ikkje har gått ut over O2-opptak og finmotorikk.

I rein endorfinabstinens tok eg på meg joggedressen i går. Ned trappa og den første kilometeren mot Kalfare følte eg meg pigg. Ned Kalfare og mot PAP-byggningen kjente eg at alt ikkje var som det burde. På strekningen frå PAP til Nygårdsbrua kjente eg at dette blei langt. Då eg passerte Brannstasjonen hadde eg mest lust til å gi meg. Tilbake i Skivebakken hadde eg nok med komme meg opp trappene utan å sjå ut som ein fyllik. I dag går eg rundt med to hesjastaurar til bein.

Men no er eg igong! Er du?

Neste tirsdag blir det trening. Uansett! Bli med!

Erlend

onsdag 24. februar 2010

Til motivasjon


Så snøar det endå meir.

Millionar på millionar av små kamikazepilotar styrtar mot bakken, tilsynelatande formasjonslaust. Nokre krasjar inn i kvarandre og veks seg større og sterkare, og til slutt knyttar dei alle venskapsband og vert uovervinnelege. Som ein endelaus straum av manna frå himmelen, dalar dei ned.

Ein stakkars som lyt gå tre kilometer til og frå jobb kvar dag, har mykje å stri med. Trugar eig han ikkje heller.

Isroser kryp oppetter vindauga og frostreven tek bolig i veggar av betong. "No tek me dobbelt for kilowattet". Glisar ein direktør, mens han gnir tommeltotten mot peikefingeren og langemann. Når det klingar i ein kasse vert det berre ekkoet att i andre.

Eg for min del kikkar i alle skap, for å sjå om det er ein skog der inne. Kanskje kan eg finna heksa og ta knekken på ho. Med litt hjelp ifrå den store løva kan eg kanskje få slutt på den evige kvite ørkenen som har lagt seg over fotballbanane.

Men brått spirar det opp ein liten blome, og det byrjar dryppa frå igjenfrosne takrenner. Lydan av ein bekk som sildrar blir som ein vakker komposisjon i øyrene på ein knøtt. Han har kjempa seg gjennom dagar, veker, ja månadar med frost, snø og svartmørkje. Det høyres ut som ein fjern draum, men våren er på veg.

Hald motet oppe, karar! Det ordnar seg for snille gutar!

Varm klem frå Erlend!

onsdag 10. februar 2010

Sesongoppstar?

Det ligg framleis eit stabeist av eit kvitt teppe over landet vårt. Det ser ikkje ut til å villa sleppa taket. Dette til stor frustrasjon for spelekåte knøttar.

Eg sleng ut nokre spørsmål?
- Har brøytemannskapet gjort jobben sin i Åsane, og er i så fall tirsdagsfotballen i gong?
- Om ikkje; finnest det andre moglegheitar for å få sparka litt ball?
- Til slutt; kor mange er me som klør i undikken etter balltrill?

Få fingrane ut av dei hålo dåke eventuelt skulle ha putta dei inn i! No må me få opp aktivitetsnivået på bloggen vår!

Dykkar Erlend:)

tysdag 26. januar 2010

referat frå reunion


Som ein tater eller ein fant på landevegen, så kom og forsvant helga. Brått var det sundag og siddisane vendte snyteskafta sine mot breiddegradar lengre ned på globusen. Moroa var over for denne gong, men minnene har gøymt ein plass der inne blant sydenferiar, konfirmasjonar, fisketurar og andre minneverdige hendingar. Me arkiverar helga i mappa som heiter skruknøttene og kallar fila for reunion-2010. For dei som ikkje veit kva denne fila skal innehalda, så kjem det litt om det no.

Helga startar, som alle veit, med fredag. På programmet stod det høgskulerevy. Oppmøtet var longt frå imponerande, men alle fråverande har levert meldebok med underskrift, så det skulle vera greit. Dei knøttane som deltok på fredagen var Andreas og Erlend. Dei hadde fått flotte plassar i amfiet, og lo seg både skrokkete og forderva av alle dei gode sjetsane. Kaffi og kake i pausen, fekk dei også.

På laurdagen begynte programmet klokka 14.00. med fotball i gymsalen ved Krohnengen skule. Oppmøte var longt betre enn gårsdagens. Sverre, Anders, Arne, Arild, Andreas og Erlend hadde alle funne vegen mellom snøfonner, klinkeis og bar veg. I tillegg dukka det opp ein anna liten krabat. Han kalla seg for Arne Valvatna og sa at han var veldig opptatt av helse, miljø og tryggleik. Me lot han vera med likevel.

Me trilla ball i gode tre timar. Svette og tårar hadde gjort parketten våt og glatt, då Bjordal føreslo at me burde avslutta med ein finale til 15. HMT-Arne var svært skeptisk, men lot seg riva med av Andreas sitt naive overmot. Det vart ein gjamn og tett finale, men kvaliteten var nok noko under midt på treet, då dei sju gutakroppane slurpa opp dei siste dråpane frå reservetanken. Etter finalen gjekk Andreas ned i dusjen og la seg i fosterstilling og ryktene seie at han framleis ligg der.

Då alle hadde klart å komma seg ut av treningstøyet, inn i dusjen og opp i fintøyet utan å spy, var det klart for "fine dining". Turen gjekk til Opera og 7 store hamburagara vart innteke. Sverre og Erlend viste prov på at manndom med blåskimmelost og sopp på burgeren, medan Stautland fekk bartendaren til å dela opp maten hans i mindre bitar, så han kunne eta berre med gaffelen. Der er ikkje lenge til han giftar seg, så me kan jo håpa på betring.

Etter at knøttane var gode og mette, tok dei hovudet under armen og sette kursen mot REMA 1000. Der hadde dei fleire sortar chips, sjokolade, godtemiksar og brus. Me tok med oss litt av herlegheita heim til Stautland og fortsette kvelden. Der fekk me sjå Norge klura inn ein siger mot Ukraina i herrehandball, før me lot drusen gå. Det vart preika om mykje spanande og noko mindre spanande. Kveldens høgdepunkt var nok då Anders fortalte om opphavet til utrykket siddis. Både øyre og auge vart store då han fortalte at dette kom av det engelske ordet citizen. Som alle veit var det rogalendingar som først emigrerte til det forgjettede land, då dei sigla med Liberty over Atlanteren. Når dei kom attende vart dei altså kalla citizens eller siddiser. Fasinerande.

Slik rant altså kvelden ut, med skvalder og valder. Eg kan berre sei for min eigen del at eg hadde ei topp helg. Det var rektig kjekt å treffa att gode vener og medknøttar. Eg håpar at me snart kan sjåast att, og at dei som ikkje hadde høve til å vera med denne runden blir med på neste.

Glad i dåke:)

Erlend

onsdag 13. januar 2010

Vel møtt til gjennforeining!


Kjære knøtter!

Den store helga byksar mot oss med sjumilssteg. Nokre brikkar har funne sin plass i puslespelet, medan andre har gøymt seg under gulvteppet, slik det plar vera når ein puslar.

Reunion er altså satt til helga 22.-24. januar. Ein har meldt sin ankomst, nokre har meldt pass, medan andre ikkje har meldt noko ting i det heile.

Bjordalen har smilt fint til rektoren ved Krohnengen skule, og etter alt å døma disponerar me gymsalen der på laurdagen. Det betyr at me, uansett vær, kan spela fotball utan å få koldbrann. Applaus for Bjordal.

Elles har høgskulerevyen preimære på fredagskvelden og kånemor er revysjef. Om me meldar vår interesse ganske raskt, kan ho legga av bilettar til oss. Det kan kanskje vera ein fin måte å bruka fredagskvelden? Ho let i alle fall røykjeleg vel over nivået på årets revy. Så, ops ops! Gi rask melding om dette er interessant!

Eg føreslår dette som program:

FREDAG:
- Revy på Landås
- Kveldskos (eg skal vera med på premiærefesten, så der melder eg pass)

LAURDAG:
- Føremiddagsøkt i gymsalen
- Intermission med foring
- Ettermiddagsøkt i gymsalen
- Kveldskos (her lyt ein utarbeida eige program. Eg kan kanskje opna heimen)

SUNDAG:
- Eg veit ikkje om det blir tid til noko program på sundagen, då nokre skal reisa sørover. Det kan me komma attende til.


Korleis ser dette ut? Kom med innspel og idear!!!

Mvh. Erlend

onsdag 18. november 2009

SKAL ME GJERA NOKO KJEKT?


Det er ein ny kvardag for knøttene no. Den vante tirsdagstreninga er ein saga blott, og ei samrøyra med kalvar av ulikt kaliber på gulstripa plast ute i trabanten er vår nye kvardag. Det kan vera mykje godt som kjem med forandring, men ein lyt i blant stoppa opp og tenkja over det som har vore også. Ein står i fare for å verta melankolsk, men det handlar om å vera medviten om kvar ein kjem ifrå. Ein skal ikkje gløyma sine røter.

Eg ynskjer å komma med eit forslag. Så kan ein kvar omfamna det eller slå det til jorda.

Skal me ikkje freista å samla saman ekta knøttar til ei ordentleg hyggestund, der me pleiar gamalt venskap og mimrar om dei gode åra me har delt? Eg ser for meg at me finn ein laurdag på nyåret, der utflyttarar som har ynskje og høve kan hiva seg på gassferjo og tilslutta seg troppane. Kanskje har dei med seg både fotballtøy og festtøy.

Eg kastar ballen opp i lufta og håpar nokon tar imot.

Mvh. Erlend

tysdag 3. november 2009

Blogg eller ikkje blogg??

Veit ikkje om det er nåken som leser denne bloggen lenger, eg er vertfall innom den med gjevne mellomrom.. utan at det skjer så møkje her:) Så dette kan no vere ein oppfordring til skriveglade fingre om at nåken leser det du skriver her..

Har tatt meg den frihet å oppsummere tabellkonkurransen for 2009. Cupfinalen har jo ingenting å sei sidan ingen har tippa verken Molde eller Aalesund som vinnarar. Resultatet finn du her.

I kveld blir det jo trening som vanleg i Åsane. Eg kjører og har plass te mange:) Gi meg ein lyd.

-Øystein-