Det ble altså spilt fotball på tysdag. De som stilte var Bjarte (altså meg), Erlend, Andreas, Anders, Arne, Arild og Bernt som stilte som vikar for andre gong på like mang treningar. Grunna at bingen var opptatt blei økta flytta opp til Mulen der grusbanen stod klar til vår disposisjon.
Banen blei større, løpa blei lengre, og det trur eg faktisk kampane blei og. Me måtte og spela tre mot fire noko som i praksis innebar det som på godt norsk må kunne kallast eit blod slit for dei som var tre. Underteikna kan fortelja at eg heil seriøst vurderte å spy mot slutten av treninga.
Det vart spela fire kampar, laget med tre vann to, noko som eg personleg synes var så imponerande at eg nesten gir det dagens prestasjon. For dei skodelystne som hadde tatt turen for å sjå fin fotball denne flotte overskya tysdagskvelden var det nok imidlertid Anders nydelege scoring med hovudet som tok kakene. Innlegget frå høyre fann Anders som sveva på bakre stolpe, før han satte ballen kontant i bakken og i nota. Tankane mine gjekk til Drogba, Crouch eller Iversen. Rett og slett nydeleg.
Etter så mykje skryt kan det sikkert vera lurt å bringa Hellegutten ner på jorda att og dagens tabbe går og til han etter han styre ein rolig trillball til side for mål frå kort hold med sin elles så gode høyrefot. (Fleire andre gjorde liknande ting, men Anders sin var verst). Men det er kanskje slik det er med slike store spelarar som alltid speler på ørsmå marginar. Store prestasjonar etterfølges ofte av uforståelege tabbar.
Oki doki, og nok om det. Avslutningsvis ynskjer eg å få i stand ein debatt. Ting tyder på at det er ledig på mulebanen på tysdagar kl. 17.30 og nokre timar fram i tid. Personleg syntes eg det var nydeleg å boltra seg utanfor bingens trange favn, og mitt spørsmål vert då skal me satsa på mulen også neste tysdag? Kva meiner knottane? Og bør me vurdera å utvida stallen ettersom me har slitt med dårleg oppmøte på så og sei alle treningane etter julepausen? La ikkje mogligheita gå frå deg til å sei kva du meiner no. 1 - 2 – 3 Blogg!
Mvh
Bjarte