laurdag 21. juni 2008

Avslutning før sommaren! 23.juni


Klare me å stable nok mann på beina no på mandag? Slik at me får ein skikkelig avslutning før sommaren. Mange er vel reist frå by'n, men hadde vore kjekt om seks stykk minst hadde tatt turen til Sverresborg. Dette bli også siste mulighet for å grisetakle Bjart'n før han setter nasa sydover for å jobbe i offentlig sektor i Haugasund. Håpar på positivt svar. På førehand takk!..

Anders

laurdag 14. juni 2008

Kven kjem på måndag?

Det er litt glissent i rekkene for tida. Sjølv kan eg ikkje garantera at eg kjem, og om eg kjem veit eg faktisk ikkje før ut på måndags ettermiddagen heller. Men det er vel andre treningsvillige ungdommar der ute som vil melda sin ankomst..?

Mvh
Bjarte

fredag 6. juni 2008

Innkalling til trening

For litt over 20 år sidan lærte eg noko nyttig eg stadig brukar den dag i dag. Eg lærte meg vekedagane og deira kronologiske rekkefølgje. På den måten kan eg veta at dersom det er søndag så veit eg at den neste dagen heiter måndag. Menneskehjernen er også utstyrt med ein strålande evne til å assosiere dagar med opplevingar. Eg veit til dømes at laurdagen jamt øve er kjekkare enn tysdagen, og at måndagen ofte kan vera litt tung.
Denne forventninga til måndagen er imidlertid i ferd med å endrast for no veit eg at måndagen betyr fotballtrening med knøttene. Det tykkjer eg er voldsamt kjekt! Førstkommande måndag er ikkje noko unntak og eg reiser spørsmålet.
Kven kjem? Tidspunktet er som vanleg 17.30 og oppmøte er i bingen på festninga.

tysdag 3. juni 2008

Referat 2.6.2008



Ettersom Bergen hadde pynta seg i sin finaste sumarstas, skrudd opp temperaturen og lagt forholda optimalt til rette for fin fotball var det knytte store forventningar til gårsdagens trening. Sju flotte ungdommar stilla opp for balleik på festninga. Alle var gutar og heiter: Anders, Andreas, Arild, Arne, Bjarte, Vegard og Øystein. Den observante lesar vil trulig sjå at namna står alfabetisk. Det er ikkje tilfeldig. I går spela me fire mot tre, og laget med fire hadde dermed ein innbytarar. Det var bestemt at bytta skulle gjennomførast i alfabetisk rekkefølgje og rullerande ved scora mål. Eg trur ikkje er overdriver dersom eg seier at dette flott systemet resulterte i ein plass mellom 15 og 20 baklengsmål i løpet av økta. Om dette skyldes at me er utruleg gode på ”break down” og angripa motstandarar i uballanse, eller om det skyldes at me er evneveike ungdommar med dårleg alfabetisk forståing skal eg ikkje sei så mykje om. Eg vil heller sei noko generelt om kvaliteten på økta.

Økta vart prege av vêrtilhøva. Meir enn ein knøtt gjekk etter kvart tom i det varme veret. Og spelet vart jamt øve dårlegare ettersom dagen tassa mot kveld. Når det er sagt var kvaliteten høveleg god i byrjinga av økta.

Ris og ros: Dagens fair play pris går til Andreas Bjordal. For ein storsinna type. Etter å ha scora vinnarmålet på stillinga 14 – 13 vart det reist spørsmålsteikn ved scoringens validitet. Nokre få minuttar seinare vart det klart at ein her hadde to fløyer. Ein fløy beståande av personar som meinte dei hadde vunne kampen på rettferdig vis, og ein gjeng taparar med underteikna i spissen som meinte målet burde annullerast. Ende på visa vart at Andreas viste storsinn og sa at me skulle spela vidare og la skjebnen avgjøre utfallet. Laget til Andreas vann, utan at eg tar sjølvkritikk av den grunn. Skjebnen er oppskrytt.

Vegard skal og ha honnør for å springa like langt som alle dei andre frammøtte til saman, dette gjorde han attpåtil i bukser! Arne var på ny svært giftig i går og scora heile 13 mål i ein og same kamp. Anders scora eit og det siste var eit sjølvmål. Flott gjort Arne! Arne presterte og meisterstykke å skyta ballen over gjerdet allereie før treninga byrja i går. Saman med Øystein danna han dermed blinken for rævsparka. Presisjonen var så som så og gutane kom uskadd frå hendinga. Ein som ikkje kom uskadd frå treninga var Anders. Leggen fekk seg ein kakk tidlig i økta og det var lenge uvisst om Helleguten kunne spela. Då han låg nede med vond fot kom og dagen sitat: ” da kan umulig gjør så vondt å fø” Spent på om du står ved den påstanden om ein månad Anders.

Takkar med dette for fin økt og gler meg til neste måndag!
Bjarte

måndag 2. juni 2008

Trening 2.juni

Ein nydelig dag for fotball!? Eller har me tatt sommarferie? Eg er ivertfall konge klar!! Kven er me?