måndag 22. juni 2009

22.06.09.. Sommarmodus eller fortsatt tent?

HEi.
Eg kan ta min siste økt for sommeren idag.
Andre som er gira?

klokken 18.00 på festningen?

Andreas

måndag 15. juni 2009

Siste trening før sumarferien?


Det er nok ein flott dag i Bjørgvin, sjølv om dei heilt store sumartemperaturane lar venta på seg. Underteikna meldar med dette at dette blir den siste treninga han deltek på før semesterslutt, men det kan jo henda at det framleis er mange knottar i byn neste veke også. Eg håpar i alle fall på eit godt oppmøte i dag, så eg kan ta ferie med ei skikkeleg kvalitetstrening i beina. Sist gong var det nokre ungdommar som kom oss i forkjøpet på festninga. Det var den same gjengen som vanlegvis har dukka opp rett etter oss, så denne gongen må me kanskje spela dei eit puss og møta 17.45. Kva tenkjer de om det?

Mvh. Erlend

måndag 8. juni 2009

Eine super tag für fussball!

Skiftande skydekke, gunstige temperaturar og gode vindforhold. Det er måndag og klart for ei ny knøttetrening. Det er berre å ta på seg fotballsokkane og hiva seg rundt. Eg trur me seie kl. 18.00. i bingen, om ikkje nokon har noko innvendingar mot det. Kjem du?

måndag 1. juni 2009

pinsedag og balltrill


Sola står høgt på på himmelskalken og temperaturane i troposfæren byrjar å bli rett så tropiske. Det er vel ingen grunn til at nokon ikkje skal kunna stilla på trening i dag?

Ein treng kanskje springa av seg pinsekalkuna, eller kva ein no et i pinsa (denne høgtida der me feriar kyrkjas fødingsdag og den Heilage Andes komme). Det er omlag 2000 år sidan apostlane virra rundt i Midt-Austen som nokre levande faklar, mens dei tala med tungemål som både grekar, arabar, romar og jøde kunne oppfatta. Tru om ein også kunne forstå dei som norsktalande? Det vil me vel aldri få svar på. Ikkje i dette livet i alle fall, men kanskje i det neste.

Bingen klokka 18.00.? Eg går ut ifrå at alle har fri i dag, og at me difor kan trena litt tidleg.

Med vennleg helsing Erlend!