måndag 30. mars 2009

Innkalling


Eit vakkert gjensyn!

No ser det ut som om veret har roa seg litt her i Os, og om skyene går mot Bergen ser det ut til at det ikkje er så værst der heller. Men regn eller ikkje, eg trudde eg skulle få problem med å stille i dag og, men etter å ha fått gjort mykje av det viktige allereie er eg klar for å gå frå jobb i god tid før trening. Eg ønskjer trening ved stadion. Kva med kl 18.30?

søndag 22. mars 2009

trening 23.3.09

Det er straks klart for ein ny måndag og ei ny treningsøkt. Då er det viktig å få to ting på det reine:

- Kven kjem?
- Kvar skal me trena?

Det var jo sånn passe bra der som me spelte på tirsdag, dog litt dårlige lysforhold. Det kan jo henda at kombinasjonen av at me er ei veke nærare sumaren og at me byrjar klokka 18.00. er nok til at lysforholda er gunstige nok. Kom med innspel!!

Erlend

fredag 20. mars 2009

Treningskamp?


Ein fuktig lærhanske har vorte daska over skruknøttene sine epleraude bollekinn. Eit rituale som frå gamalt av tyder at ein har vorte utfordra til duell. Ofte gjekk ein inn i ein slik duell med god grunn til å frykta for livet. Dette er ikkje tilfelle denne gongen, men det me kan tapa er vår eigen manndom. Det er kanskje ikkje så mykje betre? Lærhanskens eigar er jentelaget til HIB. Dei har utfordra oss til treningskamp på deira heimebane ved Landås onsdag 1. april. Fordelen med dette er sjølvsagt at om me tapar kan me sei "aprilsnærr" etterpå.

Eg veit ikkje om dette er av interesse og/eller om folk har tid, men eg lova kånemor å vidarebringa utfordringa. Eg veit ikkje om eg kan sjølv ein gong, men...

Me får diskutera det på måndag.

Stay cool!!

Erlend

måndag 16. mars 2009

Trening tirsdag 17.mars


Etter å ha sett Brann bli grust av Sandefjord i sesongåpningen, vil ikke mandagstreningene bli utsatt i fremtiden. Bedre å få litt fysisk fostring enn å bruke verdifull treningstid på frustrerende tv titting.

Men i morgen tirsdag er det nye muligheter for knøttene til å få rørt litt på seg. Andreas hører med det andre laget Vegard spiller for, slik at vi får vite tid og sted. Håper du som knøtt har mulighet å stille. Blir nok en fin kveld for fotball.

Ellers, her er resultatet fra Tabellkonkurransen 2008 for deg som ikke var hos Øystein:
1. Andreas B 8 poeng
2. Anders 7 poeng
2. Sverre 7 poeng
4. Bernt 6 poeng
4. Erlend 6 poeng
4. Andreas M 6 poeng
7. Vegard 5 poeng
7. Arild 5 poeng
7. Arne 5 poeng
10. Bjarte 4 poeng
11. Hans Olav 2 poeng
12. Øystein 1 poeng

Hederlig omtale til Andreas B som klarte å hente gullet hem.

tysdag 10. mars 2009

Tabellkonkurransen 2009


Øystein har no gjort opp regnskapet fra fjorårets konkurranse og vinneren vil bli navngitt under pausen i Brannkampen på mandag hjemme hos han. Der er du som ivrig skruknøtt forresten invitert kl 20.00. Viktig at alle som deltar tar med seg en 50 lapp til den heldige.

I år igjen prøver me oss på ein tabellkonkurranse. Her kan du som er en av FF Skruknøttene få fritt spillerom til å spå, tippe, håpe og ønske utfallet på Tippeligaen 2009,toppscorer og vinner av cupen. Linken til høgre sender deg rett inn på konkurransesidene. Logg deg på og rediger ditt forslag før lørdag kl 19.

Må lykken stå den kjekke bi.
Ha en fin uke!

søndag 8. mars 2009

Trening 9.mars


Då va endelig søndagen komt igjen! På tide me litt knøtte-blogging! kven stiller på trening? Eg hørte det var stor suksess sist trening atme stadion, so tru me satsa på der denne gongen óg! ska me sei klokko 18:00?!

måndag 2. mars 2009

Har knøttane teke vinterferie?

Pussig nok kjem vinterferien i år i det vår første vårmånad sett i gong. Men dette bør ikkje vera til hinder for at Skruknøttane skal kunne stille lag. Eller er det det? Me har jo ein god prosent lerarar i laget og dette kan jo verka inn her.

Uansett, kven er med i dag og eventuelt kvar vil me spele?

arne