tysdag 16. desember 2008

Gledeleg jul!


Eg vil nytta høvet til å takka alle knøttar og knøttevener for eit flott år med fin fotball og gode smil. Den siste økta vart unnagjort i går, og eit verdig punktum for året vart det.

No går me inn i den store julehøgtida. Høgtida for familie, vener og gode måltid. Dette er meint som ei lita oppfordring om å spekka høgtida med kvalitet. La jula vera marinert i kjarleik og omtanke. Jula handlar i aller minste grad om oss sjølve og i aller høgste grad om dei andre. Gi høgtida meining og innhald. Kva meining jula skal ha kan alle få velgja sjølv, men la den i alle fall ikkje handla om deg! Å feira jul i eit av verdas rikaste land kan opplevast som ei glede med ein viss bitter bismak, både for dei som har alt og dei som har lite. Det er ei høgtid der kontrastane i samfunnet vårt vert så alt for tydlege for oss. Eg vil også oppfordra alle til å senda nokre tankar og ei stille bøn til alle dei kristne som ikkje kan feira denne høgtida utan å frykta for fengsel eller det som verre er. I India pågår det ein konflikt mellom to stammer i Kandhamal. Hindufundamentalistar utnytt denne konflikten til å freista å utrydda kristne eller å tvangskonvertare dei til hinduismen. Seinast ved juletider i 2007 vart kyrkjer herja og påtent under gudstenestene. 95 kyrkjer og 730 hus vart brent ned og fire meneskjer vart drept. Dette kan fort komme til å skje igjen i år.

Pass på at jula vert ei tid der du tenkjer på andre enn deg sjølv. Men nyt alle dei gledene jula kan gi deg, for det hjelp ingen at du lar vera! Ein lyt berre ha to tankar i hovudet på likt. Det trur eg me klarar.

Eg vil ynskja alle ei flott høgtid! Me sjåast på nyåret!

Stor juleklem frå Erlend!

søndag 14. desember 2008

Innkalling??

Veit ikkje om det blei gjort nåken avtala om juleferie sist trening?? men eg e vertfall gira på ei økt i måro! E da fleire?? Så kan me med god samvittighet eta endo litt meir i jula;)
-Øystein-

søndag 7. desember 2008

Innkalling!!

Korleis er det med travle studentar? Har me tid til å ha det litt moro midt i eksamensstrida? Eg er i alle fall klar for litt fotball. Om me ikkje vert så mange kan me kanskje satsa på Mulebanen igjen? Eg vil tippa at barna har fått juleferie frå fotballen no, så det bør vera mogeleg å lura til seg ein liten grusflekk der.

Mvh. Erlend

torsdag 4. desember 2008

Referat frå treninga 1. desember 2008



Desember er for mange ei hektisk tid med eksamenslesing, julebakst og husvask. Det var difor ikkje berre lett å mobelisera nok mann til knøttetrening, men sidan det alt var gått to veker sidan sist trening var det ikkje noko alternativ å avlysa. Takka vera flittig orging og telefonaktivitet klarte me likevel å skrapa saman åtte mann, derav fire var representantar for Bergen Arkitekthøgskule. Me sender ei takk til BAS! Av knøttar var det Anders, Andreas, Arild og Erlend som stilte opp.

Me fekk ei litt tung start på økta, då me møtte opp på ei binge utan belysning ved Støletorget, men dette skulle snart visa seg å vera ei sann lykke. Me tok beina på ryggen og satte kursen mot Mulebanen (der me har vorte avvist mang ein gong), men denne dagen var alle fotballungdommene på julemarknad ved Krohnengen skule og me fekk banen for oss sjølv.

Eg trur kanskje me kan hevda at me hadde tidenes lengste knøttetrening(?). Det gjekk i alle fall tre og ein halv time frå eg forlot Skivebakken til eg returnerte. Beina mine var som to hesjastaurar då eg gjekk inn døra heime og svettetokter angreip med då eg la meg seinare på kvelden. Det har eg aldri før opplevd.

Dagens mest uheldige var arkitekten Håvard. Han var litt seint ute til treninga og hadde ingen idè om kvar Mulebanen låg. Då han endeleg fann fram valgte han å stå på trygg avstand og lura på om det var hans folk som spela fotball på den andre sida av banen. Han bestemte seg for at det var det nok ikkje, og satt kursen mot Fløyen. Først etter 3/4 av treinga var unnagjort dukka han opp igjen, og etter mykje hying og heiing go vinking frå resten av gutane, våga han å gå nærare for å undersøkje.Jo det var vist her han skulle. Han fekk ikkje spela så mykje fotball, men han fekk seg sikkert ein flott tur. Julegåvetips: bykart over Bergen.

Elles var det ei veldig kjekk økt og me håper det er fleire knøttar som kjenner si vitjingstid neste veke!

Mvh. Erlend

måndag 1. desember 2008

Live fotball på nettet

Her har dåke ei adresse der dåke kan sjå live sport på nettet uten å betale ei krona. I dag er det Liverpool - West Ham. Enjoy!

http://www.myp2p.eu/index.php?part=home

Anders