onsdag 1. september 2010

Spel til fløyta går!

Dette er ei melding til alle knøttar som framleis bur i Bergen, og som framleis klør i leggskinna etter å slå den perfekte stikkar mellom stoppar og sideback til ein offsideplassert, helsparkande Stautland.

I dag kunne meteorologen fortelja sjåarane at årets fyrste haustdag har landa på Flesland. Vel var årets siste sumardag mykje meir haustleg enn årets fyrste haustdag, men det får me skulda på eit skakkjørt klima.

Uansett er det på høg tid å komma igong med balltrilling og "garderobeprat". Finn fram tigerbalsam og umbro-genser,for no er kvardagen over oss.

Eg spør:

Kven er med oss?
Kan Stautland ringa sine kontaktar i "den andre gjengen" og høyra om det framleis er same tid og stad som gjeld?

Erlend

tysdag 11. mai 2010

Rock & roll er daud! Korleis er det med skruknøttene?


Hei brør!

Eg har ein liten brannfakkel av eit spørsmål eg vil slengja ut i det tørre krøllgraset på Landås. Spørsmålet er: Er knøtteballen pungtert?

Grunnen til at dette spørsmålet kjem er at eg ikkje lenger ser mykje livsteikn i den gamle knøtteskrotten. Bloggen er dårleg besøkt, og endå færre lar seg freista til å skrable ned nokre frasar. Det har vore stor utbyting i stallen, og eg er redd nytt mannskap har mingla så mykje med oppdrettslaksen i Åsane at dei har fått løgne trekk over snuten. Av orginale knøttar kan ein berre telja nok til ei forsvarsrekkje.

Dette er ikkje skrive utav kritisk ande, men snarare for å rista litt liv i ei gamal kjempe (før han eventuelt får ein skruknott inngravert i gravsteinen sin).

Ser fram til nye reunions med den første og siste avgongsklassen av FFS universitas.

Erlend

tysdag 4. mai 2010

Fussball

Der ist fussballgetrening aus Landås zu tag aus 19.00. Bist du gekommen? Ja, klar?

Ich wonen aus Landås geseen er!

Liebe Erlend!

måndag 26. april 2010

Ny lokalitet

I morgon (27.4.) er fotballtreninga flytta til Landås. Det blir altså ikkje fotball i Åsane, men på Landås. Det var altså Landås. L to the A to the N to the D to Å to the S, som dei seie på fjernsynet.

Banen ligg i nærleiken av lærarhøgskulen og er av typen gamaldags kunstgras. Me byrjar, som vanleg, klokka 1900.

onsdag 7. april 2010

Då vinden tok ballen

6.4.10

Dette vart ei treningsøkt som først og fremst vil bli huska for dei vasnklege speleforhalda. Vinden var ikkje longt ifrå liten storm i kasta, og grusen i Åsane minna mest om ein ørken då sandføyken piska om øyrene på oss. Men ein knøtt lar seg ikkje affisera så lett, og ein kunne ikkje høyra nokon som klaga. Ballen vart sparka igong, og innsatsen var god.

Me var så heldige at me fekk samla eit heilt knøttelag på beina, og utfordra Åsane-gjengen. Utan å skryta, så kan me slå fast at me hadde eit godt tak om dei. Dei første 20 minutta var me faktsik gaske gode, men så kom longpassingane. 30-metringar i stiv kuling viste seg fort å vera ein dårleg taktikk, og resultatet vart ein midtperiode med tullefotball, før me samla oss litt heilt mot slutten.

Økta vart noko amputert, då fem jenter trengte ein halv bane til skottrening. Eit lite skot for baugen, og skipet gjekk under som ein stein.

Det var likevel gøy så lenge det varte, og glimt av fin fotball var å sjå.

Dei frammøtte var; Vegar, Lars Gunnar, Øystein, Andreas, Nils Eiving og Erlend.

Neste veka håpar me Arne gjer comeback.

Erlend

tysdag 6. april 2010

Vår!! 06.04

10 grader og opplett er oppløftene en tirsdag!
Stiller du i Åsane klokken 19? Det gjør eg.
På høy tid å løpe av seg påskemarsipanen..
Kom komm kom å bli med..

Andy

onsdag 24. mars 2010

Referat

23.04.10

Årets første treningsøkt for knøttene vart gjennomført med større entusiasme enn teknisk brillianse og fysisk uthald. Det var rustne kroppar som jogga lett utpå det kunstige dekket i Åsane, men eit trent auga kunne likevel få glimt av fine ting som gir ein spådom om at 2010 kan bli ein god sesong.

Dagens beste knøtt var Vegar, som med nytrimma lekte seg med høgrebacken til mørkt lag. Rykket var på plass, og eg undrast om ikkje han har brukt vinterhalvåret på å øva inn nokre nye fintar heima i gongen sin. Honør skal han likevel ha (dog kan ein spør seg om han har lagt inn formtoppen litt for tidleg).

Det var gledeleg å sjå at oppmøtet frå knøttane var godt. Sjølv om me mangla eit par mann, var det ein fin gjeng som mønstra. Dei frammøtte var: Vegar, Andreas, Lars Gunnar, Øystein, Bjørnar og Erlend. Dei får ein fisk i noto (som ein brukte få på sundagsskulen for frammøte).

Eg gler med alt til neste økt, med forventing om at nivået stig endå eit hakk.

Erlend