fredag 23. januar 2009

Trening 26.jan Kl.1800

Etter nåken litt slappe veker synst eg me må skjerpa oss og stilla mannsterke til trening!! Viktig å prioritera desse mandagane! Håpar òg at alle tar ansvar og kommer med nåken forslag til spelarkjøp denne våren.. Som de veit har me spelarar på vei ut, so me treng å forsterke laget!

Skal me sei mulebanen kl.18!? dersom me blir for få blir det vel bingen atme arild...

-øystein-

måndag 19. januar 2009

er det noko liv i knøttane?

Er det nokon som vil spela fotball i dag?

Erlend

måndag 12. januar 2009

Trening 12.01. Hva med 19.30??

Hei og godt nytt år boys.
Hvordan er stemningen for en treningsøkt ikveld?
For min del passer det best etter halv 8 i dag. Siden eg e den første som skriver inn her, tar eg meg den frekke friheten å spør om det også kan passe for dere? Er hardt inne i oppussingsbransjen for tiden og trenger alle ettermiddagstimene til å banke og bråke. Derfor er trening klokken seks utelukket for meg, men skal selvfølgelig ikke stikke kjepper i hjulene om det er dette tidspunktet resten er innstilt på.
Hva med Mulebanen 19.30 eller evt Krohnsminde(men der e det gjerne litt trangere om plassen).


Andreas B.

onsdag 7. januar 2009

Teambuilding

Det har ofte skjedd i idrettens hisorie at eit lag slit med motivasjon og innsatsvilje. Ein av grunnane til dette kan vera at spelarane på laget ikkje kjenner eigarskap til laget, kanskje føler ein seg ikkje vel i den sosiale settinga.

Eg har lyst å gjere noko med dette i FF Skruknøttene, ikkje fordi me er desperate på noko måte, men fordi dette kan vera med å auke trivselsfaktoren i laget.


Mitt forslag då vil vera å invitere samtlige på FFSK med til Iskanten i Loddefjord for å ta eit par rundar med folkesporten curling, her kan me spele ei stund for så å stikke ut og ete noko mat. Me kan jo høyre med fotballenkene om dei vil vera med på noko slikt og.

Kva seier de? Forslag til dato?

arne

fredag 2. januar 2009

TOTUSENOGNIIIIIIIIII!!!!!!!!!!!!!!!!

No lyt me alle kjøpa oss nye almanakkar og kalendarar. Eit nytt år har begynt, mens eit anna er over. Eg ynskjer alle eit godt nytt år, mens eg i same andedrag takkar for det gamle. Eg vonar dykk er like kjekke i 2009 som dykk var i 2008.

Så til poenget: er me i gong med sesongen alt på måndag? Eg er i alle fall klar for det. I så fall tar me utgangspunkt i at det vert trening på Mulebanen klokka 18.00. Om me vert mange kan me ta turen til Krohnsminde.