måndag 28. januar 2008

Kven kjem i dag?

Forfalla er mange, kjem du?

torsdag 24. januar 2008

Treningsref fra mandag 21.01.2008

Dei som sette Skruknøttene som 1 prioritering denne dagen var:
Meg; Bjarte, Øystein, Hans Olav, Anders, Erlend, Vegard og Bernt(som måtte steppa inn for ein sjuk Arne)
Vèret var supert og banen hadde eit fint tynt lag med is. Ein utfordring som passer oss bra i den formen me e i no.
Første kampen blei eit målkalas og med ein ledelse på 14 -10 skulle det beste laget (på ein normal dag) vinne.
Men da her var ingen normal dag, og kvar gong stillinga blei 14 – 10 (som den blei kvar kamp) så vant underhundane. 14 – 10 er ein farlig ledelse!
Sku vore ein talentspeidar som tilfeldigvis gjekk forbi denne dagen, for det var mykje bra spel og fine mål.
Bjarte har endelig funne fram skuddfoten(med krutt) som treffer mål og vant sin første kamp i 2008. Grattis!
Dagens Mål: Mitt kryplangsbakkenspinn180grader mål
Dagens rævspark: Bjarte og Hans Olav
Bjarte valgte å moone på det første skuddet, nåke som førte til at samtlige som såg på blei sveiseblind. Blei veldig motivert til å treffe og fekk til eit skudd som hadde fått Bjarte til å sett gravid ut viss eg hadde truffe bullseye. Etter dette stod han med buksa på.
Snakkis på mandag!
-Arild

torsdag 17. januar 2008

Staddan kallar!


Dette er ei rekordtideleg innkalling til måndagens trening 21.01.2008. Orsaka er at treninga skal gjennomførast på Nymarksbanane, eller utanfor Brann Stadion om du vil. Treningstidspunktet er imidlertid ikkje fastsett enda. Og eg lurer difor i all enkelheit på kva tid som passar for knøttene? Personleg ser eg for meg at det kan vera lurt å vera litt tideleg ute og foreslår oppmøte kl. 16.30.
Mvh
Bjarte

onsdag 16. januar 2008

Jule "tre" fest!

15. januar 2008, 23. dag jul, avslutta dei åtte frammøtte skruknøttane jubelåret 2007 heime hjå Hans Olav Røyr. Året vart feira med pizza og stor hyggjefaktor. Den opprinnelege planen for kvelden var å sjå den lenge etterlengta Goal 2, men etter god vurderingsevne hjå Bjarte Børtveit vart det sjåing av Liverpool-kamp i staden.


Då me var komne til pausen i kampen, pizzaen var godt på veg ut andre enden og Liverpool leia relativt ukomfortabelt 1-0 mot Luton, skjedde det store saker i lokale til ekteparet Røyr/Arnesen. Den store tabellkonkuransen skulle offentliggjerast, og det vart ikkje utan spenning og definitivt ikkje utan uthenging av enkeltpersonar. Det sistnemnte tek me sjølvsagt sterk avstand frå. Om nokon får null poeng i ein slik konkuranse, er det ingen grunn til å starta ein indre splid. Dei som gjorde konkuransen spennande var husverten sjølv og Anders Helle, og han som stakk av med sigeren, og ein pengesum på rundt 500 NOK, var ikkje heilt overaskande Helleguten. Gratulerar!

Kampen fortsatte etter dette og Liverpool storspelte. Dagens helt må kunne seiast å vera Steven Gerrard, til tross for at Arild Blålid kjempa hardt for å overbevisa oss om kor god Fernando Torres eigentleg er. Men då kampen var omme og Liverpool hadde vunne heile 5-0, gjekk fokuset på ny over til samlinga av skruknøttar. Øystein hadde sørgja for at kvar enkelt skruknøtt fekk med seg heim ein aldri så liten pokal, ein sølvfarga mann, som takk for godt samarbeid i 2007. I samanheng med dette vart det satt saman eit råd beståande av underteikna (Arne Stautland) og Bjarte Børtveit for å finne ein "årets"-tittel for kvar einskild spelar på laget. Denne tittelen vart kleistra med ein post-it-lapp på undersida av pokalen.


Utnemnelsane var som følgjer:
Anders Helle - Årets framgongsrike
Andreas Bjordal - Årets ildsjel
Arild Blålid - Årets sweeper (dobbel betydning)
Arne Stautland - Årets samvitsfulle
Bjarte Børtveit - Årets eldsjel (tittel på Arne og Bjarte er gjeven av dei resterande spelarane)
Erlend Thoresen - Årets missforståtte (ein bekreftelse på at Erlend truleg har meir rett enn han får cred for)
Hans Olav Røyr - Årets runner-up
Terje Bringsvor Nilsen - Årets permiterte (ein tittel Anders truleg tek over til sommaren)
Vegard Markhus - Årets kjøp
Øysten "Chacou" Solsvik - Årets snillaste bannar (pøkk!)

Me burde sjølvsagt gitt ein premie til Sverre Soleng også for den tenesta han har gjort for klubben, men då måtte nokon ha ofra pokalen sin og det ville ikkje vore særleg aktuelt. Som ein trøst, Sverre, så kan du kosa deg med tittelen "Årets Quizling" som er ein litt vond tittel å gi, men det er utelukkande positivt meint. Me saknar deg.

Då gjenstår det berre å takke alle som har vore med og gjort 2007 til eit minnerikt fotballår, og å ynskje alle alt vel i året som no ligg framføre oss. Måtte 2008 bli eit nytt jubelår i fotballen sitt teikn.

Samandrag Måndag 14.01.08

Åtte ivrige Skruknøtter kunne måndag loggføre å ha vært på trening. De oppmøtte var Bjarte (underteikna), Arne, Arild, Vegard, Anders, Øystein, Erlend og Hans Olav. Med andre ord eit relativt godt oppmøte!
Unge Bjordal måtte bruke kvelden til å spela trommer, og Terje var på jobb.
Oppstart for treninga vart litt forsinka sidan to lokale gutungar nytta høvet til å spela litt ball i bingen, den var tross alt tom før me kom. Det viste seg etter kvart vanskeleg å få gutekvalpane vekk, så me tydde til slutt til suksess verkemiddelet over alle andre. Uansett kvar ein er i verda kan barn bestikkast med pengar. 10.50 NOK kosta det å lure karane vekk.

Då treninga tok til vart det fort eit høgt og godt tempo. Underteikna var på lag med Erlend, Hans Olav og Anders dei to første kampane og me blei knust! Vell vell etter å ha rokert litt på laga vart det ikkje betre for meg, men andre fekk oppleva å vinna, og det tykte eg var kjekt å sjå.
Utanom at eg var nær å knekke handa til Anders då eg trefte han med eit hardt skudd kommer eg ikkje på så mange andre spesielle hendingar frå økta. Økta var tett og god og eg fokuserte på eigne prestasjonar etter beste evne, difor har nok enkelte andre ting gått litt i gløymeboka. Idrett handlar som me veit om fokus. Eg hadde fokus på meg!

Eg vil nytta høvet til tørka støv av ein gammal sleger og kåra dagens prestasjon og dagens tabbe.
Dagens prestasjon trur eg får gå til Erlend som scora eit kremmarhus med venstrefoten. Anders gjorde og ein fin figur med å i kjent stil scora ein del mål.
Dagens tabbe vert delt mellom Hans Olav og meg sjølv. Hans Olav får tittelen fordi han skøyt ballen over muren så mange gonger att eg mista teljinga. Og eg får tittelen fordi det truleg såg litt teit ut då eg tørrtrena på nokre frekke finter, trokka på ballen og fall i eine pausen. Morosamt for fleire, lærerikt for meg.
Eg kan faktisk ikkje huska heilt kven som stod i mål på rævsparket. Eg veit det var fire, men huskar bere Arne og sjølvsagt Hans Olav. Uansett vart det ikkje blink på nokon av skyttarane sjølv om eg meiner å huske at Erlend var nære.

Jeppsi peppsi då var samandraget ferdig! Gler me oss til neste måndag? Japp! Det er både snickers og twist!

Mvh
Bjarte

måndag 14. januar 2008

Trening 14.01.08

Ein nydelig dag for fotball! Kim e me? Å kim svikta?

måndag 7. januar 2008

Nytt år nye muligheter!


Yes! da var endelig sesongoppkjøringen i gang og første trening unnagjort. Jeg drister meg til å si som Daniel Fredheim Holm etter første trening "dette minner om et gull-lag"

På dagens trening var følgende skruknøtter fremmøtt for å trene vekk ribbefettet fra juleferien: Arild, Anders, Andreas, Vegard, Øystein, Erlend og Hans Olav.

Det var spenning om formen var holdt ved like gjennom den kritiske perioden som juleferie innebærer. Det var jo mulig at noen ville bruke de nyerværvede kiloene til å kompensere for mistet kondisjon, men slik ble det heldigvis ikke. Treningen frembød på mye flotte mål, tekniskt spill og ikke minst uvanlig mange selvmål særlig av Øystein og Arild. Innledningsvis var det 3 mot 4 og det ble etterhvert kritisk for O2 opptaket til flere, men Vegard fikk mye skryt for å utgjøre tungen på vektskålen med sitt O2 opptak som må ha blitt jobbet bra med i egentreningsperioden. Litt ut i treningen kom Angolas Kaka til bingen og fyllte opp den ledige plassen i bingen. Da ble det litt mindre krav til kondis og mer teknisk spill, vi takker for Kakas innstas og kan loggføre første trening med internasjonale gjestespillere noe som førte til mange engelske gloser på treningen. Føler dette kan komme godt med når Bjarte skal ta Skruknøttene til Wembley.

Det var svært få skudd som kunne føre til rævspark i dag. Det var bare undertegnede som var i nærheten med 2 forsøk og det så lenge ut til at undertegnde skulle gå klar, men på stillingen 16-15 i fjerde og siste kamp for kvelden ble det klart for tidens sureste rævspark. ett mål etter kunne alle de syv andre spillerne finsikte på stumpen til Hans Olav. INGEN traff og dere kan alle lære av Angolas Kaka som valgte å stå over; en riktig sportsmann spør du meg...

Det ble avtalt å ta forsinket sesongavslutning hjemme hos Hans Olav neste tirsdag klokken 20.00. På denne måten slipper vi å ofre treningen på mandag. Hans Olav bor i St. Olavs Vei 51. Detaljer om film, mat, etc foreslår jeg at vi avtaler neste mandag.

søndag 6. januar 2008

Eine kleine montag


I morgon tel me 7. januar, og i det Herrens år 2008 fortel kalenderen vår oss at denne datoen fell på ein mondag. Mondag, som frå gamalt av er månen sin dag, er også skruknøttene sin store dag. Mondag har fått namnet sitt frå Mona, den saksiske månegudinna. I Spania kallar dei mondag for lunes og i Frankrike lundie. Dei som er glad i billig raudvin kjenner kanskje til Luna (smakar litt som husholdningssaft). Luna tyder som dykk sikkert skjønar måne. I følgje den internasjonale standaren (ISO 8601) er mondag den første dagen i veka, men i enkelte land reknar ein mondagen som den andre dagen i veka. Namnet for mondag på språk som gresk, arabisk, hebraisk og portugisisk er "andre dag". Også i gamal jødisk tradisjon er sundagen den første dagen i veka. Den siste av dei sju dagane tok Gud seg ein pause frå arbeidet med skaparverkjet. Denne dagen kalla jødane for sabbat, me kaller den laurdag.

Det eg vil fram til er at i morgon er den andre dagen i veke 2 i 2008, og det er på tide å snøra på seg fotballskoa. Er alle mann alle klare for det?