onsdag 24. februar 2010

Til motivasjon


Så snøar det endå meir.

Millionar på millionar av små kamikazepilotar styrtar mot bakken, tilsynelatande formasjonslaust. Nokre krasjar inn i kvarandre og veks seg større og sterkare, og til slutt knyttar dei alle venskapsband og vert uovervinnelege. Som ein endelaus straum av manna frå himmelen, dalar dei ned.

Ein stakkars som lyt gå tre kilometer til og frå jobb kvar dag, har mykje å stri med. Trugar eig han ikkje heller.

Isroser kryp oppetter vindauga og frostreven tek bolig i veggar av betong. "No tek me dobbelt for kilowattet". Glisar ein direktør, mens han gnir tommeltotten mot peikefingeren og langemann. Når det klingar i ein kasse vert det berre ekkoet att i andre.

Eg for min del kikkar i alle skap, for å sjå om det er ein skog der inne. Kanskje kan eg finna heksa og ta knekken på ho. Med litt hjelp ifrå den store løva kan eg kanskje få slutt på den evige kvite ørkenen som har lagt seg over fotballbanane.

Men brått spirar det opp ein liten blome, og det byrjar dryppa frå igjenfrosne takrenner. Lydan av ein bekk som sildrar blir som ein vakker komposisjon i øyrene på ein knøtt. Han har kjempa seg gjennom dagar, veker, ja månadar med frost, snø og svartmørkje. Det høyres ut som ein fjern draum, men våren er på veg.

Hald motet oppe, karar! Det ordnar seg for snille gutar!

Varm klem frå Erlend!

onsdag 10. februar 2010

Sesongoppstar?

Det ligg framleis eit stabeist av eit kvitt teppe over landet vårt. Det ser ikkje ut til å villa sleppa taket. Dette til stor frustrasjon for spelekåte knøttar.

Eg sleng ut nokre spørsmål?
- Har brøytemannskapet gjort jobben sin i Åsane, og er i så fall tirsdagsfotballen i gong?
- Om ikkje; finnest det andre moglegheitar for å få sparka litt ball?
- Til slutt; kor mange er me som klør i undikken etter balltrill?

Få fingrane ut av dei hålo dåke eventuelt skulle ha putta dei inn i! No må me få opp aktivitetsnivået på bloggen vår!

Dykkar Erlend:)