søndag 17. juni 2007

Vertshuscup


Gled dykk ungdom sommaren er trulig berga! Den glade gjengen i bildet over inviterer til Cup! I dag vart dei formelle papira sendt inn til arrangørklubben, og FF Skruknøttene har formelt ytra ønske om å delta i årets Vertshuscup!
Om det vert plass til oss er framleis litt uvist, men me kryssar fingrane og håper på et beste! Svar på om me får vera med får me i slutten av Juni. Opplysningar om dette og mykje meir vil FK Dale/Vaksdal legge ut på sine heimesider http://www.fkdv.no/, så eg oppmoar alle ivrige skruknøttar om å følge med der i tida framover!

Elles vil eg nytta høvet til å ønske alle knøttene ein god sommar, men husk sjølv om hovudet tar ferie må me holde legemet i sving! Sommardvaske kroppar vinn ikkje Vertshuscup! Sjølv har eg mellom anna deltatt i bedriftsorientering på Haugalandet for å variere treninga fram mot 3. august som er datoen cupen startar, og datoen eg spissar formen mot!

Mvh
Bjarte

søndag 10. juni 2007

Trening på mandag?

Dersom da e mange knøtter i byen og folk e gira på trening i måro kveld, så hadde det vært gøy.
Foreslår at me tar treninga litt seint sånn at Kjell Ole kan være med, feks kl 19.00.
Legg inn ein kommentar, så tar me ein oppsummering i måro.

tysdag 5. juni 2007

Tøft spel og lange diskusjonar

Måndag trente me som vanlig på festningen, denne gang i strålande solskinn. Alt låg til rette for ei flott fotball økt, noko det også vart, sjølv om treninga i stor grad ble prega av lange diskusjonar om reglar og regelverk. Ein ekte Skruknøtt er ikkje redd for ein god diskusjon, men me bør nok på sikt komme fram til ein enighet rundt reglementet. Som Frank i "Elling" sa det: "Me må ha streite avtaler, faste rammer og tydelige framskritt!" Einig i da.

Ellers var reserveknøtt Aamund med og gjorde som vanlig ein fin figur, Øystein vant alle dagens kampar og Anders fikk seg ein liten smell. Dagens tabbe sto underteikna for da jeg etter å ha fått tak i ballen på kanten av stupet , klarte å kaste ballen i en stolpe og tilbake ned over stupet og ned i militæranlegget. Bittert..

søndag 3. juni 2007

Trening måndag 4 juni

Mandag vert det som vanlig trening på festningen. Anders og Sverre stemmer for å ta treningsøkta litt tidlig, kva med 16.30? Kven er med? Gi beskjed!
Dagens slagsord: -Skyt først spør siden. 1-2-3 på det 11 forsøk skal det skje..