søndag 28. september 2008

Ny Knøttetrening 29.sept

Etter meget laber oppslutning sist mandag evt. tirsdag, må me heva oss og stilla på trening! I det minste gi beskjed om du kommer eller ikkje! Kven kjem?

søndag 21. september 2008

Heia BRANN.


Som nevnt lenger nede her er det Brann for alle penga idag. Det brenner jo ofte når vi trener men i dag er det altså på tv-skjermen det skjer. Foreløpig har vi jo ikke funnet noe nytt tidspunkt for trening. Tirsdag er mitt stalltips, men hva mener dere?

For at ikke savnet skal bli for stort, vil jeg stille min sofa og mitt lille tv til disp ikveld. Med andre ord om noen Knøtter vil se Brann hos meg er dere altså hjertelig velkommen!

Andreas B.

Referat fra 15.09.2008


Dei som møtte på denne fine dagen var : Meg, Erlend, Arne, Andreas B, Anders, Andreas M, Lars og den staute stril Andre Rogn.
Vèret var perfekt for god fotball,og da blei det ein del av. Tempoet var høgt og alle tok seg heilt ut. Vart litt for høgt tempo for Anders (som lider av osteoporose), som no har tatt seg ein restitusjonstur ut i sjøen.
Ikkje så mongen spesielle hendelser å skrika høgt om, men mykje fin fotball som skulle vorte lagra på videoband. Folk hadde reist heilt fra India for å sjå oss ”live”, og det vart mykje jubel og applaus fra sio. Einaste som skaut vekk ballen denne dagen var meg. Men det var ikkje mykje å kvi seg for, dei traff så vidt veggen. 7 skudd 0 treff ! kanskje me må flytta straffemerket nærmare? Neste gong må nåken gjer nåke spektakulært, sånn at me får nåke å skriva om!
Break a leg!
- Arild

laurdag 20. september 2008

Innkalling til ny økt!


Brann har kamp og kan føra til ein del fråfall.
Her må me slå hovudene saman og finna ut kva dag me ska flytta treningo t!

søndag 14. september 2008

Inkalling, åtvaring og god stemning

Så er det tid igjen. Eg reknar med alle er klare for ei ny økt i bingen, det er iallefall eg. På måndag startar me kl.18 på herlege Sverresborg, men kom gjerne 5 minutt før så kjem me i forkjøpet av eventuelle andre som måtte ha planar der til same tid.

Ellers så vil eg åtvare om å ta med eingongsgrillar i morgon. Det er no svært tørt i graset, for ikkje å snakke om dei lett antennelege bygningane som står nedanfor.



Men me kan ikkje kalle inn til knøttetrening etter ei slik helg utan å rette merksemda litt vest. Dette innlegget dediserer eg personleg til Tevez. Hjartans takk skal du ha.

(kilde: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=530041)

fredag 12. september 2008

Referat frå treninga sist måndag


Seint, men godt kjem no altså referatet frå forgje treningsøkt.
Nok ein gong stilte me mannsterke i bingen på Sverresborg, heile 9 mann var klar til dyst. Tempoet var godt denne gongen og, men ballane ville andre plassar enn berre inn i mål. Forgje gong var me plaga av at ballane vart skutt vekk, og då meiner eg heilt vekk. Denne gongen vart dei ikkje skoten heilt vekk, men over i militær sone. Dette resulterte i at heile 7 av 9 knøttar måtte stille bakenden i buret etter trening.

Det vart og teke nytt lagbilete på måndag. Dette måtte skje grunna mykje utskifting i laget. Me hadde med oss dei fine gule draktane våre, men me manglar ein drakt, så Anders må jobbe litt i photoshop for å få dette til. Men kvar er siste drakten vorte av? Kan den ha fare til Haugesund kanskje, eller kva seier du BJARTE??? Du vert jo sjølvsagt tilgjeven for det og, det er jo fjorårets mest samvitsfulle person du har med å gjer.

Ellers vil eg berre takke for ei flott økt og så håpar eg me sjåast på neste måndag.

Arne Stautland
Kyrkjelydspedagog

søndag 7. september 2008

Innkalling 8/9

Mandagen nærmar seg, og atter ein gong skal det spelast fotball til det luktar svidd i Sandviken. Kven er klare? Klarer me å oppretthalde oppmøtet frå forrige mandag?

tysdag 2. september 2008

1/9 -referat

Gjengen som møtte opp denne mandagen hadde verkeleg ballar. Det regna tungt, og det skulle vise seg å bli ein kveld med mykje motgang og stang-ut. Utgangspunktet var eigentleg bra. Beskjeden nedbør og 9 staute menn er bra. Og som sagt hadde me ballar.

Første omgang vart ein omgang med gode tendensar. Enkelte fine kombinasjonar vart servert, men særleg spanande vart det aldri. Dessutan begynte me å få smakebitar av det som skulle bli refrenget denne mandagen. Ballane tok til å verte borte.

Det er ikkje godt å seie kva som var grunnen til at dette vart kvelden då skruknøttane mista ballane. Var det tilfeldig? Var det ei ukjent kraft? Var det franske menn med lange fingrar? Eller var det lommemannen som forsynte seg grådig blant søte knøttar?

Ballane forsvant uansett. Og det fekk følger. Knøttane vart usikre og finspelet forsvann. Midtvegs i siste omgang kunne ein nærmast snakke om stagnering. Fortvilte innbyttarar stod på sidelinja og bad om ein ny sjanse, men reglane er knallharde. Ingen mål - ingen bytter.

Heilsvart var det sjølvsagt ikkje. Ei knøttetrening kan nok aldri kome i nærleiken av å bli heilsvart. Oppmøtet var som sagt perfekt. Og til slutt kom den store finalen. Mange fine rumper var utstilt. Lenge såg det ut som at rumpene skulle bli skånt som vanleg. Det siste skotet vart derimot ein fulltreffar av eit fyrverkeri, som sannsynlegvis framleis sprakar ein stad oppe i Øystein si rumpe. Om det var fortjent eller ikkje er usikkert. Kanskje burde heller lommemannen fått vere midtpunktet i denne avstraffinga. Uansett kan ein ikkje anna enn å bli i godt humør av ei slik avslutning. Og sjølvsagt begynner ein å glede seg til neste gong!


Vegard

Ordensknøtt!


Om du ikkje fekk med deg alle detaljane rundt det å vera ordenselev eller ordensknøtt, som eg har døypt det om til i dag, så kommer her.

Ein ordensknøtt er ein av oss som er involvert i FF Skruknøttene som har eit ekstra ansvar for ein trening. I lista til høgre kan du finna ut kortid du skal ha. Til no er det tre ting som ein ordensknøtt har ansvar for, men dette kan fort bli endra viss me finn ut av fleire ting. Dette er det som blir ansvarsoppgavene.

1. VESTANE. Når det er din tur til å vera ordensknøtt vil du få vestane på trening. Desse skal hengast opp, slik at ein ikkje drar opp sure våte vestar på neste trening. Men desse skal også minna deg på at du er ordensknøtt neste veka.

2. REFERAT. Det er din plik til å skrive referat i etterkant av trening. Om du syns du ikkje kan formulera deg skikkelig, kan du alltids få noken til å hjelpa dei, ved at du sjølv holder diktat.

3. TRENINGSINNKALLING. Ein gang i helga evt mandag før neste trening må du legge inn ein ny innkalling til påfølgande trening.

Håpar at dette kan bidra til at me alle drar i samme retning i sesongen som står for døra.

Anders

måndag 1. september 2008

Lagmøte!


Hei på deg, skruknøtt!

Dette er ei lita innkalling til eit aldri så lite lagmøte. Eg tenkjer me gjer det så enkelt at me benkjer oss i ein ring på det flotte grøne underlaget i bingen etter dagens trening for å samtala litt om framtida. Ringformasjon er å føretrekkje, då alle knøttar er likemenn, jamfør riddarane av det runde bord.

Til dei som tenkjer: "Åååå...eg gidde ikkje å sittje igjen og frysa i bingen. Erlend er ein iddik!" De skal vera trygg på at de kjem dykk heim før tussemørkjet har jaga sola til eit anna kontinent. Det er berre snakk om eit lite kvarter med naudsynt samling av trådar. Om ein tek seg bryet med å "skrolla" nedover bloggen vår kan ein skua portrett av mangt ein habil fotballspelar, men kor mange av desse knøttene er framleis blant oss?

Overgangsvindauga stenkte i går, men eg har no vore på tråden med NFF og fått innvilga utvida frist grunna vår prikære situasjon. Ta med deg ein postit-lapp med namn eller skriv dei bak øyra om du føretrekk det. Så kan me ta spelarkjøpa opp i plenum for å bli einige i kva kjøp som vil gagna klubben på lengre sikt. På ynskjelista mi står det SPISS med store tjukke bokstavar.

Har du andre ting du vil lufta for mannskapet kan du sjølvsagt også gjer det.

Mvh.: Erlend

Mandag 01.09.2008


For ein fantastisk kveld for festfotball. Kven stiller i bingen på festningen kl 1800 sharp? La festen begynne. One world, one dream!