onsdag 30. april 2008

Treningsref. for måndag 28.04.2008


Åtte høgreiste karar fann vegen til Bergenhus festning denne regntunge vårdagen. Dog opne slusar var speleforholda ikkje noko å klaga over. Temperaturen var det ein ofte vil kalla lummer og ein og anna knøtt påpeika at matta er glattare ved yr i lufta enn ved dråpar. Det trur eg me kan gi dei rett i, då eg ikkje kan minnast at nokon andre enn underteikna som måtte ned for telling grunna underlaget. Dagens oppmøtte var Andreas B og M, Hans Olav, Arild, Arne, Øystein, Vegar (kom forseint grunna cowboystrekk- nesten grunn god nok til rævspark) og Erlend. Me spelte fira kampar med bra tempo og fint spel.


Reint taktisk vart Hans Olav og Erlend veldig begeistra for den defansive modellen: "katta i sekken" (sitat Hans Olav). Det går ut på at dei to offensive spelaren presser ballførar inn i midten, der han vil møta to store og sterke stopparar som rydder opp i stor stil. Det vil sei at ein nøytraliserer kantspelarane til motstandarlaget. Arne hadde derimot større tru på å legga tre mann i forsvar og ha ein mann på topp. Sikkert flott det også, Arne.


Arild har no reist til England for å tjena seg rik på pengespel, og det kan visa seg å vera gunstig for FFSK. Han har nemleg lova å spandera nytt draktsett, med kortebukser, sokker og overtrekksdrakter. No blir det hummel på heile gjengen. "Flott Arild, du er snill! Respekt!"


Det var berre ein mann som klurte ballen over gjerdet denne gangen, og det var Bjordal. Då han skulle på visning vart det ikkje tid til å avstraffe han denne gangen. Det vekte store reaksjonar, og endte med at Arne nekta å gi han ballen sin. Det synest ikkje eg var bitten barnseleg. "Respekt til Arne òg!" Bjordal skal sjølvsagt ta imot straffen sin neste mandag. Vonar det var ein fin leilighet og at det var vert turen.


Då kan eg ikkje minnast fleire nemneverdige ting frå denne treninga. Ha ein fortsatt fin dag, så får me sjå om ikkje Riise kan få ein litt betre aften i kveld enn han hadde for ei veka sidan.


Klemz frå Erlend!

tysdag 29. april 2008

Som ein gullfisk



Kva i all verden skal dette bety, tenkjer du kanskje no! Ja, eg dømer deg ikkje for å gjere deg slike tankar. Men eg lar dette innlegget gå inn i rekkja av referat frå bingen. Det var nemlig i utgongspunktet ein fin dag å spele fotball på no på måndag. Litt regn i lufta, noko som gjer at banen nesten garantert står til vår disposisjon når me stiller friske og fine. Fotball vart det, men eg ynskjer no å bruke resten av referatet til å fortelje ei myte. Og her trengs det naudsynleg ein begrepsforklaring. Ei myte er nemleg ikkje noko som ikkje er sant, slik som mange tenkjer. "Dette er berre ei myte" -seier dei og nappar seg i skjegget. Nei, ei myte er ein djupare form for sanning. Så la no dette liggja til grunn for det som vert sagt.

Det har seg nemleg slik at dersom du puttar ein gullfisk i ei bolle med vatn, så har du allereie satt grensene for kor stor fisken skal verta. Ein gullfisk vert aldri større en størrelsen på bolla. Og for dei som har fulgt litt med i fiskeverdenen, veit dei at gullfiskar faktisk kan verta ganske store. I følge wikipedia.org heiter det at gullfisken er et relativt lite medlem av karpefamilien og når en maksimal lengde på 59 cm og en vekt på 3 kg. Dei som har vore på besøk hos Bjarte Børtveit, han som av og te har vore med på trening, har kanskje sett at gullfisken hans verken er 59 cm eller 3 kg. Dette betyr at Bjarte hindrar Neptun (som fisken heiter) i å utvikle seg til å verta ein større fisk.
De skjønar kanskje kvar eg vil? Etter at temaet har vore oppe fleire gongar må eg no seia at eg er litt lei av at det ikkje skjer noko med FF Skruknøttene. Me stampar rundt i dei same bingane måndag etter måndag. Problemet er at om me ynskjer å vera eit lag med progresjon må me flyttast over i ei større bolle. Eller kanskje faktisk ein damm. Eg ynskjer ikkje vera ein gullfisk på 30 gram, eg vil vera ein gullfisk som har potensial til å nå kiloet og vel så det.
Dette for å setja tankane litt i sving igjen.
-arne

torsdag 24. april 2008

Gulerot til mandag!


For å få fleire til å møte på trening er det på sin plass at me har ei gulerot som trekker. Derfor har eg vore ute på talentjakt, for å finna noken som kan bidra til at knøttene kjem opp på det nivået dei treng å vera. Og det var ikkje noko liten gulerot eg fann. I ein av by'en mange foretninger gjekk denne karen rundt og lurte. Og det er klart at han ville bidra til at knøttene skal få sin plass i historiebøkene. Så viss du vil vera med på å takle 
branns toppscorer i knehøyde, så er det  berre til å møte opp i bingen på 
Sverresborg mandag kl halv 6. Er du med?
Tippe me blir fulltallige... 

tysdag 22. april 2008

21.April.2008 var ein nydelig dag for fin fotball i bingen!

21.April.2008 var ein nydelig dag for fin fotball i bingen!
Eg snørte på meg Ronaldinho skoa og satte kurs mot festningen.
Mens eg gjekk der, så tenkte eg litt på bloggen og alle jentene som blei heima i dag.
Og det var med tungt hjarte eg leste dagens unnskyldninger…
Ein klødde litt i halsen og følte da var god nok grunn.
Ein klødde litt på innsio av kneskålo og la seg nesten innpå haukeland.
Ein fekk smaken på litt småsvett lunken pizza og glømte heila treningo.
Sistemann hadde noken avtaler (avtale med gò stolen og tvèn)
Kor blir det av respekten for Skruknøttene??
Her gjekk eg med åpne sår langt nedover halsen og ein god dose smertestillende i kroppen. Og da nærme seg god nok grunn til å sløyfa trening.
Som ein klok mann sa(Heine Alsaker):
Den einaste grunnen til å ikkje komma på trening, er din egen begravelse!
Og da e nåke me bør strekka oss etter!
Eller kanskje me bør dela laget i to, eit Herrelag og eit damelag?
Eg håpe i alle fall alle kjem neste gong, sjølv om det berre er for å stå og sjå på.
Så over til dagens økt. Dei som har litt høgare smerteterskel og stilte i dag var:
Arild, Erlend, Andreas B, Andreas M, Vegard, Alex og ein fra Bømlo.
Alle hadde fått på seg shortsen og var klar for samba fotball.
Treninga blei flytta opp til støletorget stadion, etter at megafon teamet hadde overtatt festningen.Tempoet var ikkje så høgt i dag, men det var mykje fin fotball og fine mål.
Ingen hendelser som går inn i historiebøkene, men me hadde ei goe økt uten skader.
Dagens spelar: Vegard (som vant samma ka lag han var på)
4 stk måtte i mål og stikke fram stumpen. Og Erlend fekk bekrefta att eit hardt skudd i leggen er vondare enn eit hardt skudd i bogskinken.
Ellers ønske eg alle gode dager til neste gong og håpe nåken slite med nattesøvnen etter dagens unnasluntring.

måndag 21. april 2008

Ta på deg kortebuksene!!


For eit vær!!! Den som ikkje kjem på trening i dag bør ha ein gyseleg god unnskyldning. Om ein ikkje har fått påvist kols og necklesh på ein og same tid, ser eg ingen grunn til å melda pass. Den som prøver å nytta seg av skulearbeidsunnskyldningen er ein forferdeleg dårleg ambassadør for knøttene, for ikkje å sei for fotballen. Her er det berre til å trekke på seg strømpene, dra kortebuksa over hoftene, trekka trøya over hovudet og snøra lissene så hardt du berre kan.


Så kva seier du?

måndag 14. april 2008

Tirsdagstrening

Så longt eg kan sjå er det seks mann som kan stilla til trening tysdag 15. april. Då er det eit par mann som ikkje har vekren bekrefta eller avkrefta. Så då trur eg det skal vera trygt å fastslå at det vert trening kl. 17.30. på Bergenhus festning. Om du har ein mann som du ynskjer å ta med deg, så er dette dagen for det. Viktig at dei som endå ikkje har gitt tilbakemelding får fingen ut av stumpen og ned på tastaturet (hugs å vaska nevane først).

Mvh.: Erlend

torsdag 10. april 2008

Referat frå treninga sist måndag

Litt seint, men alikevel godt, kjem no eit lite referat frå sist knøtteøkt.

Nok ein gong ser me tendensar på at Skruknøttene er på veg opp og fram. Ikkje berre kan me seie at prestasjonane har auka i kvalitet, men og antalet knøttar har og auka med ca 20%. Til ståande applaus ønska me Andreas M og Bernt velkomen inn i gjengen. Både Andreas og Bernt har vist seg verdige til å motta ein plass i laget og har sagt seg villig til å ofre det meste for å stille på trening.

Første kamp me spelte går inn i rekkene av brakseirar, aldri før har eg vore vitne til at eit lag har vorte banka 15-2 (rett meg gjerne). Etterkvart kom det litt fleire folk, slik at begge lag vart litt endra, noko som gjorde at laga vart litt jamnare. Alikevel må det seiast at det var tre personar som spela på lag heile tida som og kan skryte av å ha vunne alle dagens kampar. Her finn me multikunstnaren Erlend Thoresen som forøvrig og stilte i ny grilldress, me finn nyknøtten og midtbaneanker Andreas Morland, og til slutt ungløva Arne Stautland som skyt like ofte som John Arne Riise og bommar vel så ofte.

Som avslutning på dagen vart det sjølvsagt rævspark og Andreas ganger to stilte bakstussen til værs. Ingen traff nokon av dei to bakendane, men Bjordal fekk seg ein susar på baksida av knea som visstnok gjorde vondt. Det blir som ein fin trøstepremie på ein måte.

Ellers så vil eg oppmuntre alle til å sjå nøye gjennom timeplanen framover og leggje inn ein kommentar på Erlend sitt innlegg angåande neste trening.

Ha ei god helg alle saman og årsak det litt seine referatet.

Nr.6

onsdag 9. april 2008

Flytting av trening

Som sikkert alle veit, så spelar Brann mot Strømsgodset på måndag. Det vil sei at opp til fleire knøttar kan tenkja seg å vera ein annan plass enn i bingen då. Det eg undrar meg over er om det er mogeleg å stille i stand ei økt ein annan dag. Me har tross alt nettopp lagt bak oss ein lang påskeferie og treng all den treninga me kan få.

Eg tenkjer at me gjer det på følgjande måt: Me tek utgangspunkt i tre dagar; laurdag, sundag og tirsdag. (Laurdag har frå gamalt av fått namnet sitt av at det var på nettopp denne dagen ein lauga(vaska) heimen sin.)

Alle mann svarar då følgjande:
-laurdag: tommel opp/tommel ned
-sundag: tommel opp/ tommel ned
-tirsdag: tommel opp/ tommel ned

På denne måten kan me lett gå inn og telja opp kva dag som passar for flest knøttar.

Mvh.: Han med den nye treningsdressen!

tysdag 8. april 2008

Fotballpuben Åpen



Kjenner du igjen slike vakre bileter, eller er dette noko som vekker vonde minner for deg? Uansett vil eg med dette innvitere alle knøttar til ein heidundrande fotballfest i Skottegaten 16 i kveld, tirsdag. Kjem du så er det fint om du tek med eitkvart å ha attåt kampen, her finst fleire alternativ.


Dørane åpnar kl 20.30

Vel møtt!


Mvh Arne

måndag 7. april 2008

Ka gjer me i dag? mandag 7.april..


Kor går ferden, kva tid og kven er med?

søndag 6. april 2008

Nye drakter?



Eg har no smugkikka litt på dei linkane Bjordal la ut i forhold til nye draktar. No veit eg ikkje om det er aktuelt å kjøpa nye draktar, eller om me i det heile kjem til å få bruk for draktar i sumar, men eg legg uansett ut bilete av dei eg likte best. Så kan me debatera litt. Det er så kjekt når det er temperatur og aktivitet på bloggen.

Mvh.: Erlend!

Men så er eg så frekk og går inn og redigere innlegget til Erlend for på den måten å leggje inn mitt forslag til drakt om det skulle verta aktuelt. Eg tykkjer det er svært fint med litt lyse draktar, så lys blå drakt med kvit shorts er mitt forslag. Ellers så syns eg dine forslag og var gode Erlend:)

Mvh Arne









Eg Velger å ikke være verre på det en å bli tredjemann på redigeringsfronten. Den første drakten som Erlend har lagt ut synes jeg er altfor lik den velkjente Argentinadrakten. Får vi en slik, frykter jeg at vi vil bli sett på som et nytt lag alla de svenskene vi traff på Dale. Skruknøttene er jo et lag med skjel, ergo, vi trenger en drakt som representere oss! Kanskje litt få valmuligheter innen for linkene mine, men dog muligheter. F.eks drakt nummer to i Erlends utvalg. Den har en mer unik utforming. Arnes valg er jo et klassisk bidrag. Personlig liker eg bedre skarpe farger og gjerne striper. Men den diskusjonen kan vi ta etterhvert!


Mine(Andreas) bidrag er som følger:


Eller ka med denne blomsten?

For den nette sum av 4500 får mann 15 draktsett(trøye og bukse).
Sokker og en keeperdrakt.
Er knøttene muligens et helbrunt lag?
Andreas..

fredag 4. april 2008

Store sterke skruknøtter med enormt o2-opptak!


Hei på dykk, knøtter!

Eg kjem med dette med ei rekordtidleg innkalling til måndagens treningsøkt. Grunnen til dette er at eg (Erlend) har (hold dykk fast) tenkt litt. Det eg har tenkt på er korleis me kan verta mest mogeleg kappestridsdyktige i førehald til andre lag. Minna gjekk attende til august 2007 og eit hol i fjellheimen, kalla Dale. Det vart tydleg for meg at her kan me ikkje satsa på brilliante enkeltmannsprestasjonar og korte innsidepassingar. Her kjem me til kort. Eg gjekk ein tur inn i tankjeboksen. Etter nokre augnablunk kom eg ut igjen. "Det er som han seier", tenkte eg. "Me lyt vera den beste utgåva av oss sjølv, og ikkje ein dårleg kopi av nokon andre." Me kan ikkje tileigna oss fantastiske tekninske eigenskapar i ein alder av 25-28 år. Ein kan ikkje læra ein gamal hund nye triks osb. Men noko kan me gjera. Me trenar alt så hardt at det er på grensa til det me kan tåla i forhold til aerobt uthald, så løpskapasiteten skal vera bra. Midt forslag går ut på at me skal få oss nokre digre musklar, slik at det blir skikkeleg vondt å møta oss på slagmarkja. Me skal vinna alle duellane. Og som Arne og Egil plar sei: "dei som vinn duellane, vinn kampen". Så enkelt er det altså. Drit i overstegsfinter og hårgele. Vinn duellen og la motstandaren få kjenna på kroppen at du vant den. "Korleis skal me få dette til", spør du? Eg føreslår at me, frå og med måndag, samlar oss i ein ring midt på banen etter første kamp og kjører push-ups og sit-ups. Eit anna forslag er at me har ein trenar som kvar gong har ansvar for treningsopplegget. Trenarjobben vil då gå på rundgang. Nokon som har noko tankar rundt denne brannfakkelen eg kastar ut i det tørre knøttegraset?

Ein annan ting:
Bjarte med fleir har veldig lust til å spela på ein større bane. Då me var heile ti mann forgje trening ser på dette som eit godt forslag. Dersom me vert så mange også denne gong kan me kjøra ut til Minde/Landås-området og finna oss ein bane der. Det vil seia at dei som har bil må gjera ein innsats.

Kven vil ha store musklar? Kven kjem på trening på måndag? Kven har bil?

onsdag 2. april 2008

På heimabane!


Måndag 31. mars var skruknøttene endeleg attende i bingen som kun har besøkt oss i våte draumar sidan hausten 2007. Sjølv om ein måtte vedkjenna seg det faktum at bingen på Sverresborg i alle fall ikkje har vorten i betre forfattning sidan sist, var alle høgt oppe og svært nøgde med å vera heima igjen. "There is no place like home"; som dei seier "ower there". Det kunne faktisk sjå ut som om heimkomsten fekk adrenalinet til å pumpe litt vel hardt gjennom nokons lekamar. Ja, det var rett komisk kor mykje knall og fall det vart denne dagen. Den som tydeleg var mest prega av den sitrande spaninga, som følgjer med sesongdebut på festningen, var nok Hans Olav. Han hadde det meir vondt enn godt då han gjekk heim. Elles måtte både Anders og Bjarte gå ned for telling etter at dei hadde freista å nikke lærkula med feil hovud. Den styggaste skaden var det likevel Vegar som pådrog seg, då han freista å sparke ballen på likt med underteikna. Det burde han skjøna at var ein dårleg idè, men me vonar i alle fall han ikkje vart alvorleg skadd og kan stilla til trening igjen om ei veke.

Om ein skal vurdera kvaliteten på økta (og det skal ein jo gjera) så må vel den karaktiserast som grei nok. Det var flerie glimt av fin fotball og minst like mange glimt av mindre fin fotball. Som vanleg var stemninga god med litt dårleg steming inne i mellom. Slik det skal vera. Særskilt vart underteikna litt mutt etter å ha tapt dei to første kampane og han klarte vel også å irretera på seg nokre av lagkameratane med litt Martin Andresen-fakter. Noko Øystein uttrykka missnøye over. Eg legg meg sjølvsagt heilt flat, slik det som regel lønar seg å gjera, og lover å vera snill neste gong. Hans Olav måtte også ein liten tur ned i kjellaren etter å ha fått eit ublitt møte med tyngdekrafta (Andreas), derpå han bytta seg sjølv ut og nytta pausen til sparka ein ball ned til Koengen. Men han kom seg fint opp igjen og tok diverse knall og fall med usedvanleg godt mot. Respekt til Hans Olav.

Som vanleg måtte nokon avslutta økta med å stilje seg i målet med stumpen høgast. Andreas, uheldige Hans Olav og Erlend beit tanngarden samen og lot som om dei ikkje var nervøse. Heldigvis var det ingen som traff Hans Olav, då eg trur det hadde vore tråpen som kunne fått begeret til renne over, men Bjarte plaserte ein skruball midt i blinken til Andreas. Det synest alle var gilt og eg stiller meg i rekkja av gratulantar. Respekt til Bjarte.

Dei som møtte opp var Anders, Andreas, Arne, Bjarte, Morland, Vegard, Arild, Hans Olav, Solsvik og Erlend.