onsdag 25. juli 2007

Ei drøy veka igjen!

Det har tatt heilt av med komentarar på det forige innlegget, så eg tenkte det kunne vera lurt å oppsummera litt, og komma med nåken påminningar!

Kva skal me ta med til Dale? Jo me må ha med Svarte fotballsokker og svart shorts. Ein annen ting me ikkje har nevnt er leggbeskyttere... Alle bør ha leggbeskyttere, kan faktisk hende at det er påbudt uten at eg har sjekka da...Videre vil kampane vera på gras dersom veret tillet dette. Ta derfor med grassko vist du har...
Ein annen ting er telt. Det virker som om det blir overnatting i telt på oss og me treng derfor folk som stiller med telt!!
Øystein har sagt at han kan kjøre til cupen så då mangler me og bere ein bil...
Uten mat og drikke duger skruknøtten ikke! Da velger eg foreløpig å drita fulstendig i, mat kan me kjøpa på veien eller i Dale.
Økonomi: Eg har lagt ut for cupen (700kr) og går etter kneskålene vist eg ikkje får ein fin prosentandel av dei tilbake fra mine lagkammerater. Arild har jo og satt ekteskapet på spel og brukt bryllupsreisa på å finne drakter til oss, han har forlangt 200 pr drakt, nåke eg for egen del gjerne betaler for ein stk. ekte FF Skruknøttene drakt! Flott jobba Arild!

Kampoppsettet vårt er som følger:
Fredag:
17.30 Turbojugend - Skruknøttene
18.00 må me stille med dommer i ein kamp.

Lørdag:
10.30 Da Anndra Lage - Skruknøttene
12.00 Skruknøttene - Team Sweeden

14 og 14.30 Kvartfinaler
15 og 15.30 Semifinaler
16.30 Finale

I følge gulesider.no tar det 43 minutter å kjøre dei 62,2 kilometerene til Dale. Personlig trur eg ingenting på dette anslaget, og foreslår avreise fra Fløybanen?? kl 15.00? Då har me god tid til å handla, finna fram, nyta ture og varme de topptrente knøttekroppene våres godt opp når me kommer til Dale..

Det var det eg kom på no... 1, 2, 3 Komenter!
mvh
Bjarte

onsdag 4. juli 2007

Kampoppsett m/meir

Denne mailen hadde ramlet inn i pcen min i helga. Legg merke til at den avsluttes som følger: Med sportslig hilsen!! Lenge siden eg har vært involvert i en sportsleg hilsen. Fekk nesten lyst å jogga, men ska jo selvfølgelig ikkje gjer da...
Sleit foresten veldig med å laste inn kampoppsettet så da ser veldi teit ut, men da drit eg i! Eg e ein skruknøtt, ein god skruknøtt har ikkje så god peiling på data!

Velkommen til Vertshuscupen 2007

28 lag har meldt seg på til årets Vertshuscup. Me ynskjer alle velkomen til det me håpar vert ei triveleg helg på Geitabakken der det viktigaste kanskje ikkje er å vinna, men å treffa andre og ha det moro i lag. På denne sida finn de litt praktisk informasjon og på dei neste sidene oppsettet som viser kva tid de skal spela.

Lagleiarane må kome innom sekretæriatet før fyrste kampen for å fylle ut spelarliste og få ein del nyttig informasjon.

Vanlege sjuarreglar gjeld med desse unnataka:
üMaks. tre a-lagsspelarar på laget, maks. to på bana samstundes.
üLaget som står fyrst i oppsettet startar med ballen i fyrste omgang.
üTo gule kort ® utestengt ein kamp, raudt kort ® utestengt til neste år.

Premiering til vinnande lag, tapande finalist og toppscorar som vanleg. I tillegg kan det dukka opp andre formar for premiering etter kvart.

Skiljereglar ved likt antall poeng:
1. Målskilnad (scora mål – innslepte mål).
2. Flest scora mål.
3. Innbyrdes oppgjer.
4. Minst straffepoeng (1 poeng for gult kort, 5 poeng for raudt kort).
5. Loddtrekning.

Dersom grasbana toler det, vil bane 1 og bane 2 liggja på denne. Bane 3 vert på grusbana. Om grasbana ikkje toler turneringa, vil alle kampane gå på grus.

Me treng hjelp til dømming av kampar, og for Dykk som ikkje har ført opp ein dommar i påmeldingsskjemaet har eg sett opp kontaktperson som dommar. Me ber om forståing for dette og håpar De tar utfordringa.

Til slutt minner me om at kommunen sine utleigereglar slår fast at det ikkje er tillate å nyta alkohol på Geitabakken. Dette har gått fint dei siste åra, men då fint sommarver kan leda enkelte på ville vegar, oppmodar me lagleiarane om å gjera spelarane sine merksame på dette. I verste fall lyt me visa folk bort frå Geitabakken, og dette er like lite hyggeleg for oss som for dei som vert bortvist.

Har de spørsmål kan de ringja Arild Soltvedt 95 15 62 12 eller senda ein e-post til arild@vaksdalnet.no.

Diverse info om turneringa er/blir også lagt ut på www.fkdv.no.

PS! Husk å ta kontakt med sekreteriatet før fyrste kamp.

Med sportsleg helsing
FK Vaksdal