tysdag 26. januar 2010

referat frå reunion


Som ein tater eller ein fant på landevegen, så kom og forsvant helga. Brått var det sundag og siddisane vendte snyteskafta sine mot breiddegradar lengre ned på globusen. Moroa var over for denne gong, men minnene har gøymt ein plass der inne blant sydenferiar, konfirmasjonar, fisketurar og andre minneverdige hendingar. Me arkiverar helga i mappa som heiter skruknøttene og kallar fila for reunion-2010. For dei som ikkje veit kva denne fila skal innehalda, så kjem det litt om det no.

Helga startar, som alle veit, med fredag. På programmet stod det høgskulerevy. Oppmøtet var longt frå imponerande, men alle fråverande har levert meldebok med underskrift, så det skulle vera greit. Dei knøttane som deltok på fredagen var Andreas og Erlend. Dei hadde fått flotte plassar i amfiet, og lo seg både skrokkete og forderva av alle dei gode sjetsane. Kaffi og kake i pausen, fekk dei også.

På laurdagen begynte programmet klokka 14.00. med fotball i gymsalen ved Krohnengen skule. Oppmøte var longt betre enn gårsdagens. Sverre, Anders, Arne, Arild, Andreas og Erlend hadde alle funne vegen mellom snøfonner, klinkeis og bar veg. I tillegg dukka det opp ein anna liten krabat. Han kalla seg for Arne Valvatna og sa at han var veldig opptatt av helse, miljø og tryggleik. Me lot han vera med likevel.

Me trilla ball i gode tre timar. Svette og tårar hadde gjort parketten våt og glatt, då Bjordal føreslo at me burde avslutta med ein finale til 15. HMT-Arne var svært skeptisk, men lot seg riva med av Andreas sitt naive overmot. Det vart ein gjamn og tett finale, men kvaliteten var nok noko under midt på treet, då dei sju gutakroppane slurpa opp dei siste dråpane frå reservetanken. Etter finalen gjekk Andreas ned i dusjen og la seg i fosterstilling og ryktene seie at han framleis ligg der.

Då alle hadde klart å komma seg ut av treningstøyet, inn i dusjen og opp i fintøyet utan å spy, var det klart for "fine dining". Turen gjekk til Opera og 7 store hamburagara vart innteke. Sverre og Erlend viste prov på at manndom med blåskimmelost og sopp på burgeren, medan Stautland fekk bartendaren til å dela opp maten hans i mindre bitar, så han kunne eta berre med gaffelen. Der er ikkje lenge til han giftar seg, så me kan jo håpa på betring.

Etter at knøttane var gode og mette, tok dei hovudet under armen og sette kursen mot REMA 1000. Der hadde dei fleire sortar chips, sjokolade, godtemiksar og brus. Me tok med oss litt av herlegheita heim til Stautland og fortsette kvelden. Der fekk me sjå Norge klura inn ein siger mot Ukraina i herrehandball, før me lot drusen gå. Det vart preika om mykje spanande og noko mindre spanande. Kveldens høgdepunkt var nok då Anders fortalte om opphavet til utrykket siddis. Både øyre og auge vart store då han fortalte at dette kom av det engelske ordet citizen. Som alle veit var det rogalendingar som først emigrerte til det forgjettede land, då dei sigla med Liberty over Atlanteren. Når dei kom attende vart dei altså kalla citizens eller siddiser. Fasinerande.

Slik rant altså kvelden ut, med skvalder og valder. Eg kan berre sei for min eigen del at eg hadde ei topp helg. Det var rektig kjekt å treffa att gode vener og medknøttar. Eg håpar at me snart kan sjåast att, og at dei som ikkje hadde høve til å vera med denne runden blir med på neste.

Glad i dåke:)

Erlend

onsdag 13. januar 2010

Vel møtt til gjennforeining!


Kjære knøtter!

Den store helga byksar mot oss med sjumilssteg. Nokre brikkar har funne sin plass i puslespelet, medan andre har gøymt seg under gulvteppet, slik det plar vera når ein puslar.

Reunion er altså satt til helga 22.-24. januar. Ein har meldt sin ankomst, nokre har meldt pass, medan andre ikkje har meldt noko ting i det heile.

Bjordalen har smilt fint til rektoren ved Krohnengen skule, og etter alt å døma disponerar me gymsalen der på laurdagen. Det betyr at me, uansett vær, kan spela fotball utan å få koldbrann. Applaus for Bjordal.

Elles har høgskulerevyen preimære på fredagskvelden og kånemor er revysjef. Om me meldar vår interesse ganske raskt, kan ho legga av bilettar til oss. Det kan kanskje vera ein fin måte å bruka fredagskvelden? Ho let i alle fall røykjeleg vel over nivået på årets revy. Så, ops ops! Gi rask melding om dette er interessant!

Eg føreslår dette som program:

FREDAG:
- Revy på Landås
- Kveldskos (eg skal vera med på premiærefesten, så der melder eg pass)

LAURDAG:
- Føremiddagsøkt i gymsalen
- Intermission med foring
- Ettermiddagsøkt i gymsalen
- Kveldskos (her lyt ein utarbeida eige program. Eg kan kanskje opna heimen)

SUNDAG:
- Eg veit ikkje om det blir tid til noko program på sundagen, då nokre skal reisa sørover. Det kan me komma attende til.


Korleis ser dette ut? Kom med innspel og idear!!!

Mvh. Erlend