måndag 23. april 2007

Mandagens økt i gult og blått




Måndag 23. april stilte 7 fotballgira skruknøttar på festningen for å fortsette festen frå i går. Arne hadde kjøpt inn overtreksvestar i gult og blått slik at det frå no av vert ein lek å dele inn lag.

Me var heldige denne måndagen, då me kom til festningen var det heilt folketomt. Kanskje hadde gårsdagens regnskur skremt solvante bergensarar til å halde senga. Økta var og svært bra, mykje fin fotball var å sjå. Eit par uhell hadde me sjølvsagt og, slikt må ein nesten forvente når me driv med så alvorleg idrett. Bjarte gjekk på anletet inn i mål, Anders gjekk i veggen og vrikka foten, medan Øystein vart liggjande i fosterstilling på bakken, etter at eit ekstremt hardt skudd traff han der du veit. Sorry Øystein...

Det kan og nemnast at to hundar kosa seg stort på plenen utanfor bingen, dette lo me litt av.

Ein fin kveld for fotball!
Me sjåast neste veke.

PS!PS! Overtreksvestane kosta litt pengar, 19 kr pr vest og 55 kr i porto. Det vil då komme på til saman 283 kr. Deler me dette på ti, vert det 28,3 kr på kvar. Ta gjerne med pengar neste måndag.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Stiller meg fullstendig uforståande til kommentaren Bjarte gjekk på andletet inn i mål. Noko slikt som Bjarte ofra seg for å hindre scoring og seila (ca. med beina først) inn i mål! hadde vært meir naturlig. Elles er Arne uforskamma beskjeden her synes eg. Trur han skåra ca tusen mål dei først ti minuttane i går. Va nesten litt ekkelt å sjå på... skåra på alt!

Solseng sa...

da va ei deili økt, på ein deili bane. Må skryte litt av arne som har kjøpt inn vester og anders som tok flotte bilder

Anonym sa...

Fantastisk kjekt i går...perfekt vær og nydelige baneforhold!! Stor takk til deg arne som har fiksa vestar..var mykje lettare å lokalisera medspelarar rett etter ein løfta blikket frå ballen..glede meg allerede til neste gang!!

Anonym sa...

Legg merke til hvordan blått lag spiller seg kontrollert ut av eget forsvar. Ballen går ut på kant før det blir slått en presis tverrsoverpasning. Og avsluttningene er jo fantastiske. Dette er festfotball, Davy!

Anonym sa...

gleder meg til mandag!!

Anonym sa...

oi oi.. dette så fint ut.. gleder meg til å prøve de nye men insvettede vestene.. no mangler bare lukten av isspray og tigerballsam! kan nesten ikke vente på mandagen!

Anonym sa...

Vestene ligger og marineres i forige ukes svette en plastpose hjemme hos meg... Tror det kommer til å rive godt i snuten når vi tar dem frem!! Gleder meg sinnsjukt, gode fotballvester skal lukte vondt!!