Det ble altså spilt fotball på tysdag. De som stilte var Bjarte (altså meg), Erlend, Andreas, Anders, Arne, Arild og Bernt som stilte som vikar for andre gong på like mang treningar. Grunna at bingen var opptatt blei økta flytta opp til Mulen der grusbanen stod klar til vår disposisjon.
Banen blei større, løpa blei lengre, og det trur eg faktisk kampane blei og. Me måtte og spela tre mot fire noko som i praksis innebar det som på godt norsk må kunne kallast eit blod slit for dei som var tre. Underteikna kan fortelja at eg heil seriøst vurderte å spy mot slutten av treninga.
Det vart spela fire kampar, laget med tre vann to, noko som eg personleg synes var så imponerande at eg nesten gir det dagens prestasjon. For dei skodelystne som hadde tatt turen for å sjå fin fotball denne flotte overskya tysdagskvelden var det nok imidlertid Anders nydelege scoring med hovudet som tok kakene. Innlegget frå høyre fann Anders som sveva på bakre stolpe, før han satte ballen kontant i bakken og i nota. Tankane mine gjekk til Drogba, Crouch eller Iversen. Rett og slett nydeleg.
Etter så mykje skryt kan det sikkert vera lurt å bringa Hellegutten ner på jorda att og dagens tabbe går og til han etter han styre ein rolig trillball til side for mål frå kort hold med sin elles så gode høyrefot. (Fleire andre gjorde liknande ting, men Anders sin var verst). Men det er kanskje slik det er med slike store spelarar som alltid speler på ørsmå marginar. Store prestasjonar etterfølges ofte av uforståelege tabbar.
Oki doki, og nok om det. Avslutningsvis ynskjer eg å få i stand ein debatt. Ting tyder på at det er ledig på mulebanen på tysdagar kl. 17.30 og nokre timar fram i tid. Personleg syntes eg det var nydeleg å boltra seg utanfor bingens trange favn, og mitt spørsmål vert då skal me satsa på mulen også neste tysdag? Kva meiner knottane? Og bør me vurdera å utvida stallen ettersom me har slitt med dårleg oppmøte på så og sei alle treningane etter julepausen? La ikkje mogligheita gå frå deg til å sei kva du meiner no. 1 - 2 – 3 Blogg!
Mvh
Bjarte
fredag 8. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Tirsdag 17.30 vil si at jeg må takke for meg i Skuknøttene. Er opptatt hver tirsdag fra 19.30 og ut over. Med den avstanden det er til Mulen for min del blir det ingen vits å dra på trening. Stemmer altså nei...
ja, altså... Skruknøttene
For at du skal få sova i helga trur eg me då med sikkerhet kan sei at det ikkje vil bli fast trening på tirsdagar, med mindre det viser seg å vera møkje ledig plass oppe ved stadion på den tida.. Må innrømma at eg egentlig er veldig gira på å få til fleire økter på stor bane...Syntes da va veldig kjekt på tirsdag...
hørest konge ut med stor bane! gler meg te neste trening, men.. tirsdagen e kje den beste for meg heller.. e snakk om ein prioriterings sak, so e jo self. me! men..
Viss da e folk som ikkje kan på tirsdag så e vel egentlig vitsen vekke, men eg stemme ja til dei to andre spørsmåla. Større bane hadde vore kjekt og det kan koma godt med å utvida stallen litt. Sjølv om eg trur bernt tapte alle kampane sine på tirsdag så syns eg han holdt eit godt nivå. Kjekt om han blir med meir.
Er det nokon som veit om det var nokon som var med på alle vinnarlaga denne runden?
Legg inn en kommentar