fredag 20. mars 2009

Treningskamp?


Ein fuktig lærhanske har vorte daska over skruknøttene sine epleraude bollekinn. Eit rituale som frå gamalt av tyder at ein har vorte utfordra til duell. Ofte gjekk ein inn i ein slik duell med god grunn til å frykta for livet. Dette er ikkje tilfelle denne gongen, men det me kan tapa er vår eigen manndom. Det er kanskje ikkje så mykje betre? Lærhanskens eigar er jentelaget til HIB. Dei har utfordra oss til treningskamp på deira heimebane ved Landås onsdag 1. april. Fordelen med dette er sjølvsagt at om me tapar kan me sei "aprilsnærr" etterpå.

Eg veit ikkje om dette er av interesse og/eller om folk har tid, men eg lova kånemor å vidarebringa utfordringa. Eg veit ikkje om eg kan sjølv ein gong, men...

Me får diskutera det på måndag.

Stay cool!!

Erlend

Ingen kommentarer: