onsdag 10. februar 2010

Sesongoppstar?

Det ligg framleis eit stabeist av eit kvitt teppe over landet vårt. Det ser ikkje ut til å villa sleppa taket. Dette til stor frustrasjon for spelekåte knøttar.

Eg sleng ut nokre spørsmål?
- Har brøytemannskapet gjort jobben sin i Åsane, og er i så fall tirsdagsfotballen i gong?
- Om ikkje; finnest det andre moglegheitar for å få sparka litt ball?
- Til slutt; kor mange er me som klør i undikken etter balltrill?

Få fingrane ut av dei hålo dåke eventuelt skulle ha putta dei inn i! No må me få opp aktivitetsnivået på bloggen vår!

Dykkar Erlend:)

3 kommentarer:

Øystein sa...

Eg kan nok ikkje svara deg på nåken av spørsmåla, men eg kan lova deg at eg er klar! Å vel så da!

Andreas sa...

Eg e skikkelig reddik for noko fotball, når som helst.. I gamle dagar holdt me det gåandes også i vintermånadene! Er me blitt pysete no som me nærmer oss oldboysalderen? Eller er det berre denne vinteren som har lagt ein ekstra tung sky av gift over ballkåte sinn?
Eg er i alle fulle fall klar for å komme igang igjen.
Åsane er det vel Arne som har kontroll på?

Vegard sa...

Klør ikkje så reint lite nei..