tysdag 11. mai 2010

Rock & roll er daud! Korleis er det med skruknøttene?


Hei brør!

Eg har ein liten brannfakkel av eit spørsmål eg vil slengja ut i det tørre krøllgraset på Landås. Spørsmålet er: Er knøtteballen pungtert?

Grunnen til at dette spørsmålet kjem er at eg ikkje lenger ser mykje livsteikn i den gamle knøtteskrotten. Bloggen er dårleg besøkt, og endå færre lar seg freista til å skrable ned nokre frasar. Det har vore stor utbyting i stallen, og eg er redd nytt mannskap har mingla så mykje med oppdrettslaksen i Åsane at dei har fått løgne trekk over snuten. Av orginale knøttar kan ein berre telja nok til ei forsvarsrekkje.

Dette er ikkje skrive utav kritisk ande, men snarare for å rista litt liv i ei gamal kjempe (før han eventuelt får ein skruknott inngravert i gravsteinen sin).

Ser fram til nye reunions med den første og siste avgongsklassen av FFS universitas.

Erlend

2 kommentarer:

Anders sa...

Synest det er synd at skurknøttene visnar slik ut i sanden der oppe i Bergen by! Det som var eit nydelig friskt pust inn i liva våre får eit par år sidan, er no berre ein skugge av seg sjølv. Skjønner det kan vera trått å drive vidare når så pass mange har pakka snippsekken og reist til andre stader.

Glede meg til inkallinga til ny reunion kommer en gang på hausten. Håpar me kan få det til i mange år framover!

Andy sa...

Det er vondt å se en gammal kjempe bite i gresset.. Men man skal aldri si aldri har eg hørt. Kanskje FFSK igjen kan nå store høyder?
Kanskje en skulle planlege et jubileumscomback? En deilig sommercup eller lignende til neste år? Med treningsleir og alt som hører med. Eg slenger det ut i luften så kan dere smake litt på karamellen.

For de av oss som fortsatt er aktive her i byn, vil eg si skjerpings! Møt opp på vegg til vegg teppet på Landås hver tirsdag klokken 19!