onsdag 1. september 2010

Spel til fløyta går!

Dette er ei melding til alle knøttar som framleis bur i Bergen, og som framleis klør i leggskinna etter å slå den perfekte stikkar mellom stoppar og sideback til ein offsideplassert, helsparkande Stautland.

I dag kunne meteorologen fortelja sjåarane at årets fyrste haustdag har landa på Flesland. Vel var årets siste sumardag mykje meir haustleg enn årets fyrste haustdag, men det får me skulda på eit skakkjørt klima.

Uansett er det på høg tid å komma igong med balltrilling og "garderobeprat". Finn fram tigerbalsam og umbro-genser,for no er kvardagen over oss.

Eg spør:

Kven er med oss?
Kan Stautland ringa sine kontaktar i "den andre gjengen" og høyra om det framleis er same tid og stad som gjeld?

Erlend

4 kommentarer:

Andreas sa...

Eg e med!!

arne sa...

Offside-plassert???
Anyway... Den andre gjengen e ikkje begynt, men har snakka med Morten i dag og han skulle gi ein lyd om han fann ut noko. Han forvissa meg om at han ville visst det om det var igong:)

Vegard sa...

Eg er positiv!

Øystein sa...

Eg er med!