måndag 3. desember 2007

Flott fotball i eit vinterkaldt perspektiv


Innleiing
For å ta fatt på dette referatet ønskjer eg å informera om følgjande:
For å sjå på ei knøttetrening i dette perspektivet, må ein ha i tankane at treningane til skruknøttene varierer frå gong til gong. Difor kan ikkje dette referatet brukast som statistikk.

1.1 Dei frammøtte
Måndag 3. desember 2007, ein kald vinterdag, stilte det heile 9 knøttar på banen. Dei frammøtte var: Bjarte, Anders, Erlend, Terje, Andreas, Øystein, Vegard, Arild og Arne. No er me vorte så mange trufaste spelarar at det er lenge sidan det har vore behov for ekstrahjelp. Men skulle du vera ein av dei som lengtar etter å spele med oss, så ikkje gi opp, tidene er uforutsigbare så kanskje det ein gong vil opne seg mulighetar. Berre spør Vegard.

1.2 Tempo som utgangspunkt
Ikkje ofte startar knøttetreningane så hardt som det gjorde i dag. Tidleg i første omgang plasserte Erlend dagens vakraste scoring fint i nettveggen. Eg hugsar ikkje heilt korleis det gjekk føre seg, men det var svært vakkert kjem eg i hu.

Ein skulle kanskje tru at tempoet skulle dale noko utover kvelden, det var trass alt småglatte forhald, men slett ikkje. Etter god laginndeling vart det gjeve nytt mot gjentatte gongar.

2.1 To store hendelsar
Det skjedde store ting på banen i dag. Den eine hendelsen velgjer eg å ikkje kommentera grunna taushetsplikt, men den andre er vel verdt å skrive noko om. Som oftast på ei knøttetrening skjer det at nokon sparkar ballen over muren, noko som fører til rævspark (sjå regelverket). Svært sjeldan vert det "bullseye", men kjekt er det uansett. Ekstra kjekt var det i dag då heile sju rumper stod servert for dei to resterande spelarane. Normalt sett er det to til tre som stiller baken til disposisjon (føler det er viktig å presisere at me fortsatt snakkar om fotball her), men i dag var det unntakstilstandar. Arne plasserte ein ball hardt i leggen til Erlend, medan Anders plasserte ballen til side for mål. Og slik endte den soga. Den andre soga tek me ein annan gong.

2.2 Til avslutning
Ein vakker dag er over. Ein dag prega av fin fotball, flott barnesang, ein forsvunnen ball og gode nyheter. Alle knøttane legg seg nok med litt smerte ikveld, men det er ein god smerte. Ein smerte til minne om at "i dag har eg gitt alt! Gitt alt for laget mitt".
Og heilt til slutt ein god nyhet til deg Andreas. Julafta feirer me kun ein gong i året, men knøttetrening feirer me kvar veke. Ha ein flott 1. knøttedag og ei flott adventstid.

4-evR Friends

1 kommentar:

Anonym sa...

Flott samandrag av ei flott økt Arne. Etter å ha fått ballen i koddane var det fleire som jobba med ein litt kvalm følelse i går. Hu i linken under har ikkje kodda, men ho er veldig kvalm...
http://www.dagbladet.no/tv/index.html?clipid=24010