tysdag 11. desember 2007

Knøttertrening 10. desember.

Det er ein stor ære for ein relativt fersk skruknøtt å få tildelt brukarnavn og passord til bloggen. Eg vil i den anledning benytte sjansen til å takke knøttane for tilliten, og for å ha gjeve mandagen ein ny dimnsjon!

Mandagens økt var av den varierte typen. Enkelte brukte ordet hawaii for å beskrive tilstandane. Det er mykje sant i ein slik beskrivelse. Til tider var det ein ustø gjeng som sjangla rundt på isen. For mange paraplydrinkar på ei tropisk strand kunne fort vore grunnen til slike krumsprang og ustødige steg som ein kunne vere vitne til i bingen denne kvelden. Likevel er dette langt frå sanninga. Sanninga finn me langt frå Hawaii. Det var minusgradene som spelte oss eit puss.

Det var uansett eit rørande syn som møtte oss då me kom til bingen mandag. Med elegante rørsler spreia Arne salt på den glatte banen. For ein innsats! Slik profesjonalitet lover bra for resten av vintersesongen.

Saltet gjorde susen i store delar av økta. I løpet av dei fire kampane kunne me sjå stor variasjon i prestasjonane. Eg vel å leggje litt skuld på glatt underlag. Etter kvar omgang med salt kom det ein periode med kvalitet og lekre detaljar. Som vanleg på knøttetreningane var det ikkje mangel på vakre/spektakulære mål. Enkelte deilige sleivspark fekk me òg sjå. Dermed fekk me ei lita håndfull stramme rumper å sikte på også denne kvelden.

Så er spørsmålet: Var dette siste økta før jul?? Skriv kommentarar! Veit det er ein del usikkerhetsmoment når det gjeld neste mandag..

Ser uansett fram til 7. januar. Då ligg nok motivasjonen i tjukke lag rundt midja, og nye høgdepunkt er klare for bingens lys

Vegard

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg kan med stor sikkerheit sei at eg ikkje er i Bergen neste mandag, men eg skal sjølvsagt leggja ned eit par timar med eigentrening.

Elles var det eit feiande flott referat, Vegard. Me kan godt skulde på minusgradene, men Bjarte og eg flørta litt med tanken på å spela tre mot tre framover. Det var i alle fall det som var best i går.

Anonym sa...

Glimrande referat Vegard. Du kan godt skrive fleire ganger;)

Eg kan heller ikkje trena førstkommande mandag, for då propper eg i meg røde pølser i København.
Neste økt for meg blir då 7 januar.
Men det skal ikkje stå på egentreninga hos meg heller!

Anonym sa...

nydelig referat.. Det later til at det var årets siste trening du refererte fra her Vegard.. Litt trist kjenner eg. Men samtidig så er det jo ikke mer en tre uker til 7 januar. Kjenner eg gleder meg til en ny knøttesessong.. Allerede er det vel hvisking om en cup til sommeren og ikke minst har vi jo Goal 2 på trappenen om ikke lenge!! Så om intet hender kommende mandag vil eg nytte anledningen til å ønske god jul!

Anonym sa...

Alltid kjekt å lese referat, godt skrive Vegard! Eg kan ikke trene neste mandag, men som andre her gleder eg meg allereie til 7 januar. Då skal ribbefettet vekk...
Vil ønske alle knøtter God Jul!