tysdag 16. desember 2008

Gledeleg jul!


Eg vil nytta høvet til å takka alle knøttar og knøttevener for eit flott år med fin fotball og gode smil. Den siste økta vart unnagjort i går, og eit verdig punktum for året vart det.

No går me inn i den store julehøgtida. Høgtida for familie, vener og gode måltid. Dette er meint som ei lita oppfordring om å spekka høgtida med kvalitet. La jula vera marinert i kjarleik og omtanke. Jula handlar i aller minste grad om oss sjølve og i aller høgste grad om dei andre. Gi høgtida meining og innhald. Kva meining jula skal ha kan alle få velgja sjølv, men la den i alle fall ikkje handla om deg! Å feira jul i eit av verdas rikaste land kan opplevast som ei glede med ein viss bitter bismak, både for dei som har alt og dei som har lite. Det er ei høgtid der kontrastane i samfunnet vårt vert så alt for tydlege for oss. Eg vil også oppfordra alle til å senda nokre tankar og ei stille bøn til alle dei kristne som ikkje kan feira denne høgtida utan å frykta for fengsel eller det som verre er. I India pågår det ein konflikt mellom to stammer i Kandhamal. Hindufundamentalistar utnytt denne konflikten til å freista å utrydda kristne eller å tvangskonvertare dei til hinduismen. Seinast ved juletider i 2007 vart kyrkjer herja og påtent under gudstenestene. 95 kyrkjer og 730 hus vart brent ned og fire meneskjer vart drept. Dette kan fort komme til å skje igjen i år.

Pass på at jula vert ei tid der du tenkjer på andre enn deg sjølv. Men nyt alle dei gledene jula kan gi deg, for det hjelp ingen at du lar vera! Ein lyt berre ha to tankar i hovudet på likt. Det trur eg me klarar.

Eg vil ynskja alle ei flott høgtid! Me sjåast på nyåret!

Stor juleklem frå Erlend!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gledelig jul til alle knøtter. flott at du kommer med lit matnyttig samfunsengasjement nå i julestria Erlend! Eg skal sende nokon tankar til fjern og nær no i jula, så håper eg at alle andre knøtter gjør det samme.
Klemz and kizzes

Anonym sa...

Flott innlegg!
No er det jul og eg har berre ein andakt igjen før det er juleferie.
Takk for nok eit flott år alle knøttar. Me kan vel seie me vant serien ganske soleklart i år og.
Blessings from kyrkja i Os!