torsdag 4. desember 2008

Referat frå treninga 1. desember 2008



Desember er for mange ei hektisk tid med eksamenslesing, julebakst og husvask. Det var difor ikkje berre lett å mobelisera nok mann til knøttetrening, men sidan det alt var gått to veker sidan sist trening var det ikkje noko alternativ å avlysa. Takka vera flittig orging og telefonaktivitet klarte me likevel å skrapa saman åtte mann, derav fire var representantar for Bergen Arkitekthøgskule. Me sender ei takk til BAS! Av knøttar var det Anders, Andreas, Arild og Erlend som stilte opp.

Me fekk ei litt tung start på økta, då me møtte opp på ei binge utan belysning ved Støletorget, men dette skulle snart visa seg å vera ei sann lykke. Me tok beina på ryggen og satte kursen mot Mulebanen (der me har vorte avvist mang ein gong), men denne dagen var alle fotballungdommene på julemarknad ved Krohnengen skule og me fekk banen for oss sjølv.

Eg trur kanskje me kan hevda at me hadde tidenes lengste knøttetrening(?). Det gjekk i alle fall tre og ein halv time frå eg forlot Skivebakken til eg returnerte. Beina mine var som to hesjastaurar då eg gjekk inn døra heime og svettetokter angreip med då eg la meg seinare på kvelden. Det har eg aldri før opplevd.

Dagens mest uheldige var arkitekten Håvard. Han var litt seint ute til treninga og hadde ingen idè om kvar Mulebanen låg. Då han endeleg fann fram valgte han å stå på trygg avstand og lura på om det var hans folk som spela fotball på den andre sida av banen. Han bestemte seg for at det var det nok ikkje, og satt kursen mot Fløyen. Først etter 3/4 av treinga var unnagjort dukka han opp igjen, og etter mykje hying og heiing go vinking frå resten av gutane, våga han å gå nærare for å undersøkje.Jo det var vist her han skulle. Han fekk ikkje spela så mykje fotball, men han fekk seg sikkert ein flott tur. Julegåvetips: bykart over Bergen.

Elles var det ei veldig kjekk økt og me håper det er fleire knøttar som kjenner si vitjingstid neste veke!

Mvh. Erlend

1 kommentar:

Anonym sa...

Veldig fint referat Erlend! Det hjalp jo ikke den stakkars arkitekten at han trodde det var Hulebanen heller! Gleder meg til neste trening..