måndag 15. juni 2009

Siste trening før sumarferien?


Det er nok ein flott dag i Bjørgvin, sjølv om dei heilt store sumartemperaturane lar venta på seg. Underteikna meldar med dette at dette blir den siste treninga han deltek på før semesterslutt, men det kan jo henda at det framleis er mange knottar i byn neste veke også. Eg håpar i alle fall på eit godt oppmøte i dag, så eg kan ta ferie med ei skikkeleg kvalitetstrening i beina. Sist gong var det nokre ungdommar som kom oss i forkjøpet på festninga. Det var den same gjengen som vanlegvis har dukka opp rett etter oss, så denne gongen må me kanskje spela dei eit puss og møta 17.45. Kva tenkjer de om det?

Mvh. Erlend

8 kommentarer:

erlend sa...

eg er klar

Andreas sa...

Eg er klar. Eller det vil si eg deltar om en noko striv og støl. HAr allerede spelt 40 min kamp idag. Spelt lærere vs. 7 trinn.

Anders sa...

eg e me!! siste gang ev'a med knøttene..nokon som har eit par fuzzballsko til låns? str 43? eventuelt du arne...kjøpte du deg nye i dag....

Arne sa...

Eg e med:) Om me skal byrje 17.45 så rekk eg ikkje anna enn å ta bussen heim og gå på trening. Men eg kan spela i joggesko viss du vil låna skorna Anders!

øystein sa...

jobb på meg..

lassus sa...

Lars Gunnar er med!

Vegard sa...

Eg er klar!

Arild sa...

eg er med