tysdag 3. november 2009

Blogg eller ikkje blogg??

Veit ikkje om det er nåken som leser denne bloggen lenger, eg er vertfall innom den med gjevne mellomrom.. utan at det skjer så møkje her:) Så dette kan no vere ein oppfordring til skriveglade fingre om at nåken leser det du skriver her..

Har tatt meg den frihet å oppsummere tabellkonkurransen for 2009. Cupfinalen har jo ingenting å sei sidan ingen har tippa verken Molde eller Aalesund som vinnarar. Resultatet finn du her.

I kveld blir det jo trening som vanleg i Åsane. Eg kjører og har plass te mange:) Gi meg ein lyd.

-Øystein-

4 kommentarer:

Anders sa...

eg er innom å lese av og til, men har ikkje så mykje å tilføye. Kjenne at det er lenge sio eg har fått trilla ball med knøttene no. Savne dåke! Glede meg til den gongen me treffes igjen til kamp i ein binge. Om ikkje før, så iallfall i himmelen;)

erlend sa...

Eg er 100% eining med deg Øystein. Me lyt få fart på bloggen. Om den ikkje vil tena til same føremål som før, så bør den i alle fall bli ein arena for gode innlegg og skvalder mellom knøttar. Eg skal bidra med mitt for at bloggen vår skal få sin renessanse, så reknar eg med at andre hiv seg på med stor entusiasme.

Det må forøvreg seiast å vera ein deilig ironi i det at det er Øystein som må sparka igong pennen att. Det er vel ikkje hans favorittverkty, slik eg har forstått det.

Eg er klar for trening i kveld. "Sieben aus Åsane?"

erlend sa...

Eg freisa å trykka på linken til resultata for tabellkonkurransen, men eg kom ingen veg. Kven vant???

øystein sa...

no skal linken til resultatet i årets tabellkonkurranse funke:)