onsdag 18. november 2009

SKAL ME GJERA NOKO KJEKT?


Det er ein ny kvardag for knøttene no. Den vante tirsdagstreninga er ein saga blott, og ei samrøyra med kalvar av ulikt kaliber på gulstripa plast ute i trabanten er vår nye kvardag. Det kan vera mykje godt som kjem med forandring, men ein lyt i blant stoppa opp og tenkja over det som har vore også. Ein står i fare for å verta melankolsk, men det handlar om å vera medviten om kvar ein kjem ifrå. Ein skal ikkje gløyma sine røter.

Eg ynskjer å komma med eit forslag. Så kan ein kvar omfamna det eller slå det til jorda.

Skal me ikkje freista å samla saman ekta knøttar til ei ordentleg hyggestund, der me pleiar gamalt venskap og mimrar om dei gode åra me har delt? Eg ser for meg at me finn ein laurdag på nyåret, der utflyttarar som har ynskje og høve kan hiva seg på gassferjo og tilslutta seg troppane. Kanskje har dei med seg både fotballtøy og festtøy.

Eg kastar ballen opp i lufta og håpar nokon tar imot.

Mvh. Erlend

25 kommentarer:

Øystein sa...

Deilig me eit nytt innlegg her!:)
Forslaget støttar eg!
Men sånn no før jul, e da ingen av dåke lærarar so har tilgang på ein gymsal? hadde vore kanon kjekt med ei økt inne i varmen i ein elles kald og regnfull tid!

erlend sa...

Det får Bjprdalen ordne:)

erlend sa...

BjOOOrdal

anders sa...

Hadde jo vore nydelig me ein reunion mellom de sju fjell! Sånn av og til savner eg Bergen og knøttene. Hørtes fint ut med ei helg utpå nyåret. Kanskje eg kan lure med meg sverre og bjarte i ein bil over fjordane.

anders sa...

er plass til arild og i bilen:)

bjarte sa...

Sidan Anders har fått ny bil vil eg selvfølelig sitta på...
Forøvrig pleier eg å omtale Bergen som en gammel elskerinne. Et sidesprang som gav meg så mykje eg aldri har angret på...
Eg er selvfølgelig med! Men me må ta det i januar.. Kåno nedkommer med barn 12 feb...

øystein sa...

no skal linken til resultatet i årets tabellkonkurranse funke:)

anders sa...

Kor er resultatet på tabellkonkurransen då??

øystein sa...

skjønne ikkje ka so skjer virka når eg "går" i fra den.. men prøve no på nytt! Linken ligge i forige innlegg..

erlend sa...

Hurra!!! Det var kjekt.

Du har gjort ein strålande jobb, Øystein. Veldig flotte og oversiktlege skjema. Og ikkje minst god lesning:)

Anders sa...

såg jo nesten litt proff ut den tabellen din øystein:) Gratulerer med siger Erlend!! Eg havna jo i godt selskap på ein finfin 2.plass!

Men sånn ellers. Hvis da er stemning for ein reunion i januar så hadde det vore kjekt å funne ei helg som passer for dei fleste! Eg eit me skal ha dåp ei helg i jan, men vett kje ka dato.

Kortid kan dåke andre??

øystein sa...

eg kan 8-10. og 15-17.jan.. kanskje best 15-17..

Anonym sa...

æresmedlem soleng er også med! rydd plass i avensisen Anders

anders sa...

blir nok ikkje avensis den helga..har kone og to barn som skal komme seg rundt på jæren! tar du sjansen har eg escort;)

anders sa...

eg kan alt utenom den 10.jan! hadde vore jysla kjekt å sett bergen igjen.

Andreas sa...

dette høres kanon ut. Eg tror eg skal være rimelig tilpassningsdyktig angående helger. Bra tiltak.

anders sa...

Eg og Sverre legger inn eit ønske om å ha reunion 15-17 jan. Ser at øystein og har den som favoritt. Ka seie dåkke andre??

Hans Olav sa...

Jeg tror dere ikke kan regne med meg. Unge lovende flytter til Lillesand pga jobb. Men dersom mulig kontraktsmøte for leiligheten er sammenfallende med reunion skal jeg prøve å komme innom.

erlend sa...

15.-17. passar dårleg for meg, då svigermor skal feria 50-årsdagen sin den 15.

Eg heiar difor litt på helga etter.

anders sa...

eg kan begge helger..

Arild sa...

Godt nyttår knøtter!
Eg reiser i nordsjøen på torsdag og returnerer 21 januar. så då stemmer eg og for helga etter.

Anonym sa...

tror helga 23-24 fungerer for meg, men da blir det tidlig avreise på meg på søndagen

sverre

arne sa...

23. og 24. passar for meg som den einaste helga før Bjarte blir pappa. I dei tider sit eg og ventar på telefon frå Haugasond!

Øystein sa...

23. og 24. passar ikkje for meg, men da går greit! ser ut som den helgo passar for dei fleste!

Andy sa...

Hallo boys. Då ser det ut som om nummer 11 har klart å forhandla fram gode baneforhold til reunionhelgen. Det er i hvertfall ledig i gymsalen på skolen her som eg og Thoresen jobber lørdag for/ettermiddag. Det kan skjære seg om salen blir utleid til mer pengesterke aktører, men dette er lite trolig..
Snakkes
Eg gleder meg!