onsdag 13. januar 2010

Vel møtt til gjennforeining!


Kjære knøtter!

Den store helga byksar mot oss med sjumilssteg. Nokre brikkar har funne sin plass i puslespelet, medan andre har gøymt seg under gulvteppet, slik det plar vera når ein puslar.

Reunion er altså satt til helga 22.-24. januar. Ein har meldt sin ankomst, nokre har meldt pass, medan andre ikkje har meldt noko ting i det heile.

Bjordalen har smilt fint til rektoren ved Krohnengen skule, og etter alt å døma disponerar me gymsalen der på laurdagen. Det betyr at me, uansett vær, kan spela fotball utan å få koldbrann. Applaus for Bjordal.

Elles har høgskulerevyen preimære på fredagskvelden og kånemor er revysjef. Om me meldar vår interesse ganske raskt, kan ho legga av bilettar til oss. Det kan kanskje vera ein fin måte å bruka fredagskvelden? Ho let i alle fall røykjeleg vel over nivået på årets revy. Så, ops ops! Gi rask melding om dette er interessant!

Eg føreslår dette som program:

FREDAG:
- Revy på Landås
- Kveldskos (eg skal vera med på premiærefesten, så der melder eg pass)

LAURDAG:
- Føremiddagsøkt i gymsalen
- Intermission med foring
- Ettermiddagsøkt i gymsalen
- Kveldskos (her lyt ein utarbeida eige program. Eg kan kanskje opna heimen)

SUNDAG:
- Eg veit ikkje om det blir tid til noko program på sundagen, då nokre skal reisa sørover. Det kan me komma attende til.


Korleis ser dette ut? Kom med innspel og idear!!!

Mvh. Erlend

6 kommentarer:

Andreas sa...

Godt stykke arbeid du har gjort her Erland.
Dette ser lovendes ut!
Eg e med på revypremiere! Høyrdes flott ut..

Anonym sa...

Flott Erlend, et usedvanelig fint opplegg.

- eg har fått lov av kåno å reise
- støtter forslaget om revy som kick-off.
- skal prøve å lokke med Bassen, han går i Haugesund å venter på fødsel og har sikkert godt av å lufte seg litt

mvh
Sverre

Anders sa...

Konge, Erlend!!

Eg er med....glede meg skikkelig til å sjå bergen by igjen.

Stille meg positiv til revy.

Godt dåke har funne ein gymsal å spele inne i. Vil jo ikkje puste inn den lufta dåke har der under ei god knøtte økt.

Arne: er du heima den helga?? har skikkelig lyst å komma "heim" ein tur;)

Bjarte sa...

Eg elsker eldsjeler!
Erlend du er ei eldsjel!

Når det gjeld mi deltaking så er det slik at Ingrid er med barn, og det er faktisk en reel fare for at hu kan finne på å føde denne helga.
Kan derfor med sikkerhet sei at fredagen utgår. Men eg leker litt med tanken om å reise opp på dagstur på lørdagen. Men sånt veit eg jo av naturlege (i ordets rette forstand) årsakar ikkje før dagen er der...

erlend sa...

Det får ein vel sei at er ein gyldig grunn til fråvære. Det er gilt om du kjem, men om ikkje så sendar me våre beste knøtteynskjer til deg, din fru og den vesle.

Arild sa...

Hei
Blir kun lørdagen på meg. så melder pass på revy.
me sjåast! :)