tysdag 26. januar 2010

referat frå reunion


Som ein tater eller ein fant på landevegen, så kom og forsvant helga. Brått var det sundag og siddisane vendte snyteskafta sine mot breiddegradar lengre ned på globusen. Moroa var over for denne gong, men minnene har gøymt ein plass der inne blant sydenferiar, konfirmasjonar, fisketurar og andre minneverdige hendingar. Me arkiverar helga i mappa som heiter skruknøttene og kallar fila for reunion-2010. For dei som ikkje veit kva denne fila skal innehalda, så kjem det litt om det no.

Helga startar, som alle veit, med fredag. På programmet stod det høgskulerevy. Oppmøtet var longt frå imponerande, men alle fråverande har levert meldebok med underskrift, så det skulle vera greit. Dei knøttane som deltok på fredagen var Andreas og Erlend. Dei hadde fått flotte plassar i amfiet, og lo seg både skrokkete og forderva av alle dei gode sjetsane. Kaffi og kake i pausen, fekk dei også.

På laurdagen begynte programmet klokka 14.00. med fotball i gymsalen ved Krohnengen skule. Oppmøte var longt betre enn gårsdagens. Sverre, Anders, Arne, Arild, Andreas og Erlend hadde alle funne vegen mellom snøfonner, klinkeis og bar veg. I tillegg dukka det opp ein anna liten krabat. Han kalla seg for Arne Valvatna og sa at han var veldig opptatt av helse, miljø og tryggleik. Me lot han vera med likevel.

Me trilla ball i gode tre timar. Svette og tårar hadde gjort parketten våt og glatt, då Bjordal føreslo at me burde avslutta med ein finale til 15. HMT-Arne var svært skeptisk, men lot seg riva med av Andreas sitt naive overmot. Det vart ein gjamn og tett finale, men kvaliteten var nok noko under midt på treet, då dei sju gutakroppane slurpa opp dei siste dråpane frå reservetanken. Etter finalen gjekk Andreas ned i dusjen og la seg i fosterstilling og ryktene seie at han framleis ligg der.

Då alle hadde klart å komma seg ut av treningstøyet, inn i dusjen og opp i fintøyet utan å spy, var det klart for "fine dining". Turen gjekk til Opera og 7 store hamburagara vart innteke. Sverre og Erlend viste prov på at manndom med blåskimmelost og sopp på burgeren, medan Stautland fekk bartendaren til å dela opp maten hans i mindre bitar, så han kunne eta berre med gaffelen. Der er ikkje lenge til han giftar seg, så me kan jo håpa på betring.

Etter at knøttane var gode og mette, tok dei hovudet under armen og sette kursen mot REMA 1000. Der hadde dei fleire sortar chips, sjokolade, godtemiksar og brus. Me tok med oss litt av herlegheita heim til Stautland og fortsette kvelden. Der fekk me sjå Norge klura inn ein siger mot Ukraina i herrehandball, før me lot drusen gå. Det vart preika om mykje spanande og noko mindre spanande. Kveldens høgdepunkt var nok då Anders fortalte om opphavet til utrykket siddis. Både øyre og auge vart store då han fortalte at dette kom av det engelske ordet citizen. Som alle veit var det rogalendingar som først emigrerte til det forgjettede land, då dei sigla med Liberty over Atlanteren. Når dei kom attende vart dei altså kalla citizens eller siddiser. Fasinerande.

Slik rant altså kvelden ut, med skvalder og valder. Eg kan berre sei for min eigen del at eg hadde ei topp helg. Det var rektig kjekt å treffa att gode vener og medknøttar. Eg håpar at me snart kan sjåast att, og at dei som ikkje hadde høve til å vera med denne runden blir med på neste.

Glad i dåke:)

Erlend

3 kommentarer:

Bjarte sa...

Tenk at deg ikkje var der...
Eg som var så glad for at det er fredag i dag, no er eg meir melankolsk..
Men flott å sjå at dåke kosa dåke. Blir det 3 timer med innefotball neste gong og fordrer det at eg ordner med testamentet før me møtes.(Den observante lesar har truleg lest mellom linjene og allerede plukka opp at eg planlegger å vera der neste gong.)

Anonym sa...

Takkar for ei strålande helg, har slitt med ettervirkningane etter maratonøkta i fleire dagar. Flott referat Erlend. Neste samling får bli i Haugesund eller i Stavanger.

Me sjåast

Sverre

anders sa...

Va nydelig å sjå både Bergen og knøttene igjen.

Satser på at dette kan bli ein finfin tradisjon for å opprettholda samholdet blandt kompisar, som før kunne leka samen kvar dag, men no kan kun samlast sporadisk på årsbasis.

Glede meg til neste gong.

Håper du bassen har mulighet då, og at ikkje øystein er ute i uljo.