Det er no klar for ei ny økt med bingefotball, og det er av alles interesse at med blir minst 8 mann som stiller. Me veit alt at Solsvik og Børtveit har karantene og stiller difor ikkje. Om alle kan legga ein liten komentar på om dei kjem eller ikkje, så hadde det vore tipp topp. Så får me ta ein kikk på kor mange reservespelarar me må henta inn.
I mangel på andre forslag blir tema for økta; spel langs bakken. Det er noko me treng å jobba med. Alle som skyt ballen over gjerdet eller heile vegen ned frå festningen, må stille seg i mål etter treninga med baken lageleg for skot. Ta på deg silkefoten og kom til Sverres borg kl 18.00.

Hjemmeleksen til mandag blir å ta med seg noen gode minner fra gårsdagens landskamp(Les: John Carew, Messi, Andresen), i tilleg kan en gjerne presse inn en Premier league kamp eller to iløpet av helgen for å plukke noen gode tips om teknikk og effektivitet.





