tysdag 11. mars 2008

Våryre skruknøttar!

Måndag 10. mars var dagen då vinteren hadde rista av seg sine verste krampetrekningar og våren stakk hovudet inn døra. Langs Lille Lungegårdsvann hadde anleggsarbeidarane fjerna forekvistane, og krokkusen hadde strekt seg mange centimeter opp mot himmelen. Kvikksølvet låg å flørta med tiaren på måleapparatet som fortel oss om det er ull er bar hud som er anbefalt klesdrakt. Fleire av dei oppmøtte (Hans Olav, Andreas, Anders, Arne, Arild, Vegard og Erlend) vart både klamme og svette grunna for mykje klede.
Som ein kan sjå var det sju knøttar som stilte på trening i går. Dette ser ut til å ha utvikla seg til ein trend, noko eg tykjer er beklageleg. Tre mot tre er forsåvidt greit, men då hadde det vore betre om me klarte å skrapa saman ni spelarar og spelt med tre lag. Dessutan er me no svært sårbare for fleire fråfall. Det bør difor diskuterast om ikkje me skal henta inn ein ekstra knøtt på fast basis, så me slepp å henta inn ekstra krefter frå gong til gong. Kom gjedna med innspel på dette.
Ein annan sak som må avklarast snarast er om dykk ynskjer å stilla med lag til Tysnescup i sumar. Det gjeld helga 4.-6.juli. Eg har alt fått tilbod om å bli med eit anna lag, og ynskjer å takka ja til tilbodet dersom ikkje knøttane skal stilla. Men eg har tidspress på meg, så om ikkje dette kjem på det reine ganske snart kjem eg til å binda meg til det andre laget. Det beste for meg er om knøttane satsar på Dahle også i år, så klarer eg å snika til meg to cupar:).
Elles var kvaliteten på gårsdagens trening heilt på det gjamne, synest eg. Utan dei store høgdepunkta, men også utan dei store lågpunkta. Med andre ord så har me meir inne. Det er bra, då me ikkje skal vera i toppform før sumarvindane feier over Sverresborg.

Erlend

11 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har allereie motteke forespørsel om ikkje Andreas Morland kunne få vera med på heiltid. Har lufta dette med eit knipe knøttar som meinar Morland har gjort eit godt inntrykk. Kva seier de, skal eg prøva å ordne ein kontrakt? Eg stemmer forresten for Dale i år og... Likte meg godt der.

Anonym sa...

Stemmer for Vertshuscup. Helgen for Tysnescup passer ikke for meg.

Anonym sa...

Eg synest godt Morland kan bli fast skruknøtt, så lenge han er inneforstått med dei tunge forpliktelsane det medfører: først knøttene, så eventuelt kåna, unger, utdanning, helse og anna mindre viktige ting.

Anonym sa...

Eg synes også Andreas M gjør seg godt som FFSK speller. Han bør få et bindende kontraktsforslag snarets. Før eg glemmer det vil eg si tak til Thoresen for nok et glimmrende blogginnlegg, flott flott flott. For meg er sommeren stort sett uskyldsren foreløpig, så både tysnes og dale er aktuelt for min kalender. personlig er eg litt sugen på Tysnes. Har hørt mye fint om både gress og utenomsportslige forhold fra den gården. Sommercup på en øy høres jo mer idyllisk ut enn sommercup i en dyp norsk dal(e). Om vi skulle velge Dalecup, burde vi vel gi Erlend forbud mot å selge sine tjenester til en annen klubb. Vi kan jo ikke risikere skader på lagets forsvarskjempe i den kritiske sommersessongen?

Anonym sa...

litt usikkert med tysnescup..me har jo ein liten knøtt på vei...og han kjem muligens i den tida! for min del vil dale-cup være meir aktuell...

eg stemmer tipp topp tommel opp for å få Morland fast på laget!

Anonym sa...

passa lika dårlig for meg begge cup'ane... so eg stemme blankt, og jobbar med å få meg fri den helga det passar for flest folk!
elles so e eg bein klar for trening på mandag!? vist ikkje folk e reist på ferie??

Anonym sa...

Vist Morland er villig til å ta på seg dei forpliktelsane det innebærer å vera ein knøtt, ja då syns eg han skal få eit bilde på bloggen og kontrakt i neven! Eg er og åpen for å henta inn enda ein mann til i tillegg...
Elles så ser da vel litt ut som om me tar turen til Dale... Anders fekk jo ikkje vera med i fjor (stemme ikkje da? Blei litt usikker no...), HORA kan ikkje og Øystein er usikker. Så eg syns me bør satsa på Dale... Ellers så har em jo ohg ein topptrent siddis som me kanskje burde kontakta etter kvart...Tippe han og er gira på å få med seg ein cup...

Anonym sa...

Hei, etter at Tromsø kontrakten gjekk i dass e æ gira på å bli me dokker. Æ e målfarlig høyrekant-spiss, med toppdivisjonserfaring.
Håper dåker har bruk for mæ.
Hilsen Ludde

Anonym sa...

Hello. This post is likeable, and your blog is very interesting, congratulations :-). I will add in my blogroll =). If possible gives a last there on my blog, it is about the Celular, I hope you enjoy. The address is http://telefone-celular-brasil.blogspot.com. A hug.

Anonym sa...

Trening i dag?

Anonym sa...

eg kan ikkje...