måndag 3. mars 2008

Ein flott dag for fotball.


I det me går inn i mars månad og våren snik seg på oss med listige røyrsler, kan ein merkja at det gode treningsgrunnlaget me har lagt til bunn i vinter byrjar å slå ut i full ereksjon. Sola står stadig høgare på himmelen og brukar kvar dag litt lenger tid på å leggje Bergen under det mørkjet me kallar natt. Dette er godt nytt for spelesugne ungdomar med adrenalin og våryre hormon som pumpar agresivt rundt i både det store og vesle blodkretsløpet. Med stål i bein og ramar, med hjarta utanpå trøya og med dauden sjølv i blikket stiller me i dag opp på Støletorget klokka halv seks. Ein kvar liten tolvåring med brauten bergenshaldning og syrleg tunge blir mo i knehasane og trer varsamt til sides før me i det heile har sagt eit ord. Ingen tikroning er naudsynt, for han skjønar at desse karane meinar alvor. Med kromma nakke sett Stautland i gong den første kampen. Ein perfekt langpassing treff brystkassa til Helle med eit klask. Ei innsidepassing legg ballen fint til rette for Solsvik som klinar til på direkten. Aldri før har han truffe så godt. Aldri før har han skutt så hardt. Fuglane i næraste tre hiv seg på vingene i ein sunkron røyrsle, latteren blant med- og motspelarar veltar fram og lyden av ein bil som hiv seg på bremsene bekreftar det me alt veit: i dag må Øysten stilla bakenden til disposisjon for knøttenes forlysting.

Vonar me blir ein god gjeng!
Kjem du?

11 kommentarer:

Anonym sa...

Eg kjem:)

Anonym sa...

ein nydelig dag for fotball....eg stiller

Anonym sa...

Nydeleg skildring av ein nydeleg dag for fotball...Diverre slit eg med vondt kne og kan ikkje spela fotball i dag, men det kan henda eg tar turen oppom for å sjå Øystein stilla bakenden til...

Anonym sa...

Eg satse på å vær med ja... eg kan ringa morland og viss da e naudsynt!

Anonym sa...

Det kan vera ein god tanke, Arne. Han kan vera vikar for Bjarte, som er ute med vatn i kne.

Anonym sa...

morland kjem...

Anonym sa...

Kneet mitt er på ingen måte diagnostisert enda…

Anonym sa...

da kan nok bli vanskelig me dan bakenden... kjem ikkje.. er på jobb!

Anonym sa...

I'll be ready
I'll be ready
Never you fear
No don't you fear
I'll be ready
Forever and always
I'm always here

Anonym sa...

andreas og vegard kjem også. andreas noko seint vel og merkja.

Anonym sa...

me treng gjedna ein ekstra mann. korleis er det med hans olav?