tysdag 3. juni 2008

Referat 2.6.2008



Ettersom Bergen hadde pynta seg i sin finaste sumarstas, skrudd opp temperaturen og lagt forholda optimalt til rette for fin fotball var det knytte store forventningar til gårsdagens trening. Sju flotte ungdommar stilla opp for balleik på festninga. Alle var gutar og heiter: Anders, Andreas, Arild, Arne, Bjarte, Vegard og Øystein. Den observante lesar vil trulig sjå at namna står alfabetisk. Det er ikkje tilfeldig. I går spela me fire mot tre, og laget med fire hadde dermed ein innbytarar. Det var bestemt at bytta skulle gjennomførast i alfabetisk rekkefølgje og rullerande ved scora mål. Eg trur ikkje er overdriver dersom eg seier at dette flott systemet resulterte i ein plass mellom 15 og 20 baklengsmål i løpet av økta. Om dette skyldes at me er utruleg gode på ”break down” og angripa motstandarar i uballanse, eller om det skyldes at me er evneveike ungdommar med dårleg alfabetisk forståing skal eg ikkje sei så mykje om. Eg vil heller sei noko generelt om kvaliteten på økta.

Økta vart prege av vêrtilhøva. Meir enn ein knøtt gjekk etter kvart tom i det varme veret. Og spelet vart jamt øve dårlegare ettersom dagen tassa mot kveld. Når det er sagt var kvaliteten høveleg god i byrjinga av økta.

Ris og ros: Dagens fair play pris går til Andreas Bjordal. For ein storsinna type. Etter å ha scora vinnarmålet på stillinga 14 – 13 vart det reist spørsmålsteikn ved scoringens validitet. Nokre få minuttar seinare vart det klart at ein her hadde to fløyer. Ein fløy beståande av personar som meinte dei hadde vunne kampen på rettferdig vis, og ein gjeng taparar med underteikna i spissen som meinte målet burde annullerast. Ende på visa vart at Andreas viste storsinn og sa at me skulle spela vidare og la skjebnen avgjøre utfallet. Laget til Andreas vann, utan at eg tar sjølvkritikk av den grunn. Skjebnen er oppskrytt.

Vegard skal og ha honnør for å springa like langt som alle dei andre frammøtte til saman, dette gjorde han attpåtil i bukser! Arne var på ny svært giftig i går og scora heile 13 mål i ein og same kamp. Anders scora eit og det siste var eit sjølvmål. Flott gjort Arne! Arne presterte og meisterstykke å skyta ballen over gjerdet allereie før treninga byrja i går. Saman med Øystein danna han dermed blinken for rævsparka. Presisjonen var så som så og gutane kom uskadd frå hendinga. Ein som ikkje kom uskadd frå treninga var Anders. Leggen fekk seg ein kakk tidlig i økta og det var lenge uvisst om Helleguten kunne spela. Då han låg nede med vond fot kom og dagen sitat: ” da kan umulig gjør så vondt å fø” Spent på om du står ved den påstanden om ein månad Anders.

Takkar med dette for fin økt og gler meg til neste måndag!
Bjarte

2 kommentarer:

Anonym sa...

for eit feiande flott referat bjarte....med den skrivekunsten trur eg at masteroppgava di er sikra...var mang ein gang eg måtte trekka på smilebandet når augene mine leste desse fine linjene...og når det er sagt, så får eg vell eit savr ut i månaden på om fødsel er like vondt som leggsakden min i går....var iallfall vanvittig vondt!

Anonym sa...

Flott referat Bjarte. Skjebnen er en underfundig type du:)
gleder meg også veldig til neste mandag!