
Me tel no to veker sidan sist trening, så eg går ut ifrå at knøttane sitte å trippe ytterst på kanten på stolen under dagens sundagsmiddag. Adrenalinnivået stig, kvilepulsen er fråverande, blikke flakke, ein er utav stand til å halda fokus og utføra enkle motoriske oppgåver. Svetten renn ned frå hårfeste over panna og armhulene gir skjorta ein mørkare fargenyanse. Sjølv Arne- som manglar svettekjertlar- lyt bytta t-skjorte tre gongar for dagen. Abstinensar, abstinensar!! Andreas riv seg sjølv i håret for å overdøyva smertene. Anders sit og klikkar med ein penn, mens han nynnar på "you`ll never walk alone" og prøver å huska kva kåno og sonen heiter. Øystein sit i time etter time og pussar fotballstøvlane sine til han byrjar å blø i hendene.
Aldri meir må me la desse karane gå to heile veker utan å få sparka leirkula. Det må ikkje skje!
Så kven kjem?