Seint, men godt kjem det endelig eit refferat frå forgje treningsøkt. Eg trur omsider at me kan sei at knøttane har funne seg vel til rette på større banar enn bingestørrelse. Var det nokon som sa at størrelse ikkje var viktig? Vel, tenk om igjen. I fotballverda er størrelse særdeles vesentlig.
Eg meiner bestemt at eg kan sjå utviklinga på meg sjølv. Leggane mine har vokst og kondissen min kjem heilt sikkert att den og. Endelig kan gullfisken få utfolda seg i det store hav og veksa til uante størrelsar.
No på måndag hadde Hans Olav hyra inn ein gjeng frå KrFu som motstandarar. Godt jobba Hans. Det er god kamptrening for oss å møte ukjente lag så ofte som me gjer no.
På måndag kjente eg til og med at eg vart så engasjert at eg kunne koma med ein og annan spydig kommentar, og på ein litt spesiell måte gjorde dette litt godt. Dette vil seie at eg lev meg inn i treninga. For dei som kjenner meg, veit dei jo at eg knapt kan sutre utan å bøye meg i støvet og be om årsak etter kampen. Men denne gongen var eg ikkje så audmjuk. Kanskje det har med at eg ikkje lenger speler mot knøttar, men med dei.
Ellers så er det lite å kommentera. Me tapte vel ein kamp og vann ein meinar eg. Det bør kanskje seiast at KrFu ikkje haldt ut så lenge som me hadde ynskja, det er jo i så fall eit bra teikn for oss.
Då gjenstår det vel berre å takke for ei fin økt og ynskje velkommen til neste økt no på måndag. Eg stiller altså ikkje, då eg er vekkreist, men du kjem vel kanskje?
Ta med godt humør og kanskje noko du kan dele med laget, ei mandarin eller noko.
Me snakkast!
arne
fredag 21. november 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
13 kommentarer:
eg skal komma
Eg òg! fint referat arne!
eg vil og spelle fotball.. viktig at alle prøver å bidra med noen ekstra mann i morgen!
klart eg kan.....
ser ut som me kan stille til beachvolleyballtrenings i dag.....ka gjer me no??....to til så klare me binge....viss det er forhold til det..
ingen so har fått nåke napp? desse salem folka te arne då? ingen so kjenne dei? elle har nr. te dei?
trur nok binge utgår. snø og is veit dåke. da e jo ikkje sikkert at dei har brøyta på krohnsminde heller. nokon som veit?
der skal jo ver trenging før oss, så tippa da e brøyta.... men binge vil me kje ha!!
eg har prøvd seks mann uten hell.. hvor mange nei har dere fått inn?
ditta går te hondane!! eg trur me skal prøva oss ein anna dag.
ha ein fin mandagskveld gutar. ta dåke ein joggetur for å kompansera for tapt trening:)
kjipe saker...kosa dåke på joggeturen!!
hmm. ja dette var kjedelig. hvor er resten av bøttebaletten blitt av egentlig? Har alle plutselig begynt å lese lizzm? Fotballkariera varar berre eit par år til, bokorm kan ein verta siden..
Når blir det evt ny økt? Onsdag, torsdag?
eg e klar for onsdag egentli! da hadde vore kanon!
Legg inn en kommentar