
Så var mandagen endeleg der igjen, ein høgde i veka til mang ein skruknøtt. Tross ein regnfull dag i Bergen, hindra ikkje dette at åtte menn stilte til dyst på Sverresborg festning. Ingenting er som å komme heim etter ein slik dag, få tatt ein velfortent dusj og sjå attende på ei fin økt. Det er som om ein har ytt litt ekstra når det er litt regn i lufta.
Dagens økt var nok litt prega av baneforhalda. Måla kom ikkje så kjapt som vanleg og presisjonen var nok og satt ned eit lite hakk. Men om ein skal drive seriøs fotball (noko me gjer), så er det viktig at ein kan spele på forskjellig underlag.
Trass litt småueinighetar innen regelverket, klarte me å halde ein forhaldsvis fin tone gjennom heile treninga. Det einaste me må få skikkelig orden på til neste gong er regel nr. 11:
Straffe blir gitt om bakerste mann redder ballen for langt ute. (FORSLAG OM TILLEGG, IKKJE I KRAFT: Hendene er kun tillatt å bruke ved stopping av skudd på mål, ikke til å bryte pasninger.)
Ellers hadde det vore fint om alle kunne sett litt i "sjette sansen" og funne ut kva dag som passar best når det gjeld treningskamp. Underteikna og Andreas "He-man" Bjordal har samtala litt angåande dette og foreslått søndag 21. oktober. Passar dette for dykk? Diskuter villt og hemningslaust!
Då gjenstår berre å takke alle for ei strålande økt.
Me snakkast neste mandag!
Arne