fredag 12. september 2008

Referat frå treninga sist måndag


Seint, men godt kjem no altså referatet frå forgje treningsøkt.
Nok ein gong stilte me mannsterke i bingen på Sverresborg, heile 9 mann var klar til dyst. Tempoet var godt denne gongen og, men ballane ville andre plassar enn berre inn i mål. Forgje gong var me plaga av at ballane vart skutt vekk, og då meiner eg heilt vekk. Denne gongen vart dei ikkje skoten heilt vekk, men over i militær sone. Dette resulterte i at heile 7 av 9 knøttar måtte stille bakenden i buret etter trening.

Det vart og teke nytt lagbilete på måndag. Dette måtte skje grunna mykje utskifting i laget. Me hadde med oss dei fine gule draktane våre, men me manglar ein drakt, så Anders må jobbe litt i photoshop for å få dette til. Men kvar er siste drakten vorte av? Kan den ha fare til Haugesund kanskje, eller kva seier du BJARTE??? Du vert jo sjølvsagt tilgjeven for det og, det er jo fjorårets mest samvitsfulle person du har med å gjer.

Ellers vil eg berre takke for ei flott økt og så håpar eg me sjåast på neste måndag.

Arne Stautland
Kyrkjelydspedagog

Ingen kommentarer: