tysdag 2. september 2008

1/9 -referat

Gjengen som møtte opp denne mandagen hadde verkeleg ballar. Det regna tungt, og det skulle vise seg å bli ein kveld med mykje motgang og stang-ut. Utgangspunktet var eigentleg bra. Beskjeden nedbør og 9 staute menn er bra. Og som sagt hadde me ballar.

Første omgang vart ein omgang med gode tendensar. Enkelte fine kombinasjonar vart servert, men særleg spanande vart det aldri. Dessutan begynte me å få smakebitar av det som skulle bli refrenget denne mandagen. Ballane tok til å verte borte.

Det er ikkje godt å seie kva som var grunnen til at dette vart kvelden då skruknøttane mista ballane. Var det tilfeldig? Var det ei ukjent kraft? Var det franske menn med lange fingrar? Eller var det lommemannen som forsynte seg grådig blant søte knøttar?

Ballane forsvant uansett. Og det fekk følger. Knøttane vart usikre og finspelet forsvann. Midtvegs i siste omgang kunne ein nærmast snakke om stagnering. Fortvilte innbyttarar stod på sidelinja og bad om ein ny sjanse, men reglane er knallharde. Ingen mål - ingen bytter.

Heilsvart var det sjølvsagt ikkje. Ei knøttetrening kan nok aldri kome i nærleiken av å bli heilsvart. Oppmøtet var som sagt perfekt. Og til slutt kom den store finalen. Mange fine rumper var utstilt. Lenge såg det ut som at rumpene skulle bli skånt som vanleg. Det siste skotet vart derimot ein fulltreffar av eit fyrverkeri, som sannsynlegvis framleis sprakar ein stad oppe i Øystein si rumpe. Om det var fortjent eller ikkje er usikkert. Kanskje burde heller lommemannen fått vere midtpunktet i denne avstraffinga. Uansett kan ein ikkje anna enn å bli i godt humør av ei slik avslutning. Og sjølvsagt begynner ein å glede seg til neste gong!


Vegard

3 kommentarer:

Anonym sa...

for ein herlig lek med ord! du burde skreve barnebok Vegard;)

Anonym sa...

Det er så kjekt å lesa gode referat. Dette legg lista for referatskrivinga i haust. Utførleg og perfekt krydra.

Eg trur me må ha fokus på den sagnomsuste ryggsekken neste måndag. Det ser ut til at det er lett å gløyma å ta den av seg. For at ingen skal vera i tvil: Sekken skal vera på ryggen frå du går ut døra heime til du kjem til bingen, så tek du den av deg. Når du er ferdig og spela fotball kan du ta den på deg igjen. Her gjeld det å halda tunga beint i gapet, elles blir det fort kluss.

Anonym sa...

Fabelaktig! Dette var morsom lesning. Kjekt med et godt referat.
Av fire flotte baller var det vel faktisk bare en som overlevde hele økten! Dette sier mye om vårt ubrukte potensial håper jeg! Kan bli dyrt om denne trenden skal fortsette, selv om Andreas kan kjøpe hele OBS og halve kongeriket.
Ryggsekken får henge på magen neste uke(for de av dere som ikke allerede er framtunge nok:)..)