måndag 1. september 2008

Lagmøte!


Hei på deg, skruknøtt!

Dette er ei lita innkalling til eit aldri så lite lagmøte. Eg tenkjer me gjer det så enkelt at me benkjer oss i ein ring på det flotte grøne underlaget i bingen etter dagens trening for å samtala litt om framtida. Ringformasjon er å føretrekkje, då alle knøttar er likemenn, jamfør riddarane av det runde bord.

Til dei som tenkjer: "Åååå...eg gidde ikkje å sittje igjen og frysa i bingen. Erlend er ein iddik!" De skal vera trygg på at de kjem dykk heim før tussemørkjet har jaga sola til eit anna kontinent. Det er berre snakk om eit lite kvarter med naudsynt samling av trådar. Om ein tek seg bryet med å "skrolla" nedover bloggen vår kan ein skua portrett av mangt ein habil fotballspelar, men kor mange av desse knøttene er framleis blant oss?

Overgangsvindauga stenkte i går, men eg har no vore på tråden med NFF og fått innvilga utvida frist grunna vår prikære situasjon. Ta med deg ein postit-lapp med namn eller skriv dei bak øyra om du føretrekk det. Så kan me ta spelarkjøpa opp i plenum for å bli einige i kva kjøp som vil gagna klubben på lengre sikt. På ynskjelista mi står det SPISS med store tjukke bokstavar.

Har du andre ting du vil lufta for mannskapet kan du sjølvsagt også gjer det.

Mvh.: Erlend

2 kommentarer:

Anonym sa...

Din penn er skarp mister Monty. Du imponerer statid. Dette var hyggelig lesning. Som pedagog stiller jeg meg fult og helt bak dine tanker om ringformasjonen. Du kan jo eventulet vurdere om du vil slenge ut litt info underveis også. Slik at de taktile og kinestetiske av oss også får fult læringsutbytte.
Lykke til..

Anonym sa...

Eg kjem sjølvsagt. Mvh Arne Stautland, kyrkjelydspedagog.