tysdag 2. september 2008

Ordensknøtt!


Om du ikkje fekk med deg alle detaljane rundt det å vera ordenselev eller ordensknøtt, som eg har døypt det om til i dag, så kommer her.

Ein ordensknøtt er ein av oss som er involvert i FF Skruknøttene som har eit ekstra ansvar for ein trening. I lista til høgre kan du finna ut kortid du skal ha. Til no er det tre ting som ein ordensknøtt har ansvar for, men dette kan fort bli endra viss me finn ut av fleire ting. Dette er det som blir ansvarsoppgavene.

1. VESTANE. Når det er din tur til å vera ordensknøtt vil du få vestane på trening. Desse skal hengast opp, slik at ein ikkje drar opp sure våte vestar på neste trening. Men desse skal også minna deg på at du er ordensknøtt neste veka.

2. REFERAT. Det er din plik til å skrive referat i etterkant av trening. Om du syns du ikkje kan formulera deg skikkelig, kan du alltids få noken til å hjelpa dei, ved at du sjølv holder diktat.

3. TRENINGSINNKALLING. Ein gang i helga evt mandag før neste trening må du legge inn ein ny innkalling til påfølgande trening.

Håpar at dette kan bidra til at me alle drar i samme retning i sesongen som står for døra.

Anders

Ingen kommentarer: