måndag 5. november 2007

Det hendte i de dager, mandag 05.11-07 kl 17.30

Som vanlig var det en regntung binge som møtte knøttene då vi møtte i dag. Fenrik Hans Olav stod i spissen for ivrige banemannskaper slik at speleforholdene etter kvart vart akseptable. Dei oppmøtte i dag var Hans Olav, Bjarte, Arne, Anders, Arild, Andreas, Erlend, Vegard og Øystein. Alle la ein flott innsats for dage, og treninga må seist å ha vore intens og god, sjølv om kvaliteten på spelet til tider var så som så. Underteikna er imidlertid ikke bekymra for dette på nåverande tidspunkt sidan det er lenge til me skal spela om poeng …
Til sist i treninga var det dei obligatoriske rævsparka som stod for tur, dei fleste sikta på ballane til Hans Olav sidan han skal på bryllupsreis i morgon, Arne kom nærme, men juvelene slapp unna, forhåpentligvis til Birgittes store lettelse… Øystein og Andreas stod for øvrig også med stumpen til…
Det blei forøvrig utdelt ansvar for tippekonkurransen, det ansvaret fekk eg. Underteikna har utvikla eit poengsystem eg ikke gidd forklare i detalj, men som eg trur vil gi ei god og rettferdig poengfordeling. Det er og vedtatt alle går inn med 100 NOK i potten som alle tilfaller vinnaren av konkurransen. Vinnaren vil for øvrig bli offentliggjort på årets juleavslutning som skal finna stad hos Hans Olav i år.

Reknar med at alle brukar denne veka godt til restitusjon slik at me alle er på hugget igjen neste mandag!

Nuss nuss
Bjarte

Ingen kommentarer: