tysdag 27. november 2007

Resymé av økt 26.11.2007.

Sidan eg ikkje huskar å ha høyrt at nokon skulle skriva noko frå i går tek eg jobben sjølv. Då eg og Vegard smått forsinka kom til bingen i Sandviken i går var det eit leit syn som møtte oss. Anders og Arne stod og terpet på innsidepasningar i på det som på godt norsk må kunne kallast klinkis. Like etter kom Erlend, Andreas, Øystein og Arild til med opplysningar om at Mulen heller ikkje ville vera noko alternativ. Tankane var nok mange, men ein samrøystes gjeng vart einig om å bidra for den globale oppvarminga som så fatalt hadde svikta oss i dag og køyra til Møllenpris for å freista forholda der. Ein høfleg gjeng frå Djerv jenter ca. 96 såg at me kom og avbrøyt treninga umiddelbart for at Skruknøttene skulle få trimma litt.
Gjengen delte seg i to, med Arild, Bjarte, Øystein og Vegard (på folkemunne vinnarlaget). Erlend, Arne, Anders og Andreas tok rolla som taparar, noko dei for øvrig klarte med glans.
Knøttene var tydeleg glade for å sleppa unna bingens trengsel, mas og tjas, og kanskje nettopp difor fekk me sjå fleire flotte prestasjonar. Sjeldan har det blitt scora på så mange flotte hodestøt og ikkje minst vollyar på ei knøttetrening som det tilfellet var i går. Særlig Øystein, Arild og Erlend framheva seg med flotte scoringar. Treninga vart rett og slett ei flott oppleving!

Men som ho sa bruro, alt godt ender så alt for fort. Ein kar fra Djerv med snømåkar hevda hardnakka at dei skulle trene der me var, slik at det ikkje vart møkje meir enn ein time speling på oss. Me rakk heldigvis å skyta ræv på Erlend, men det vart eigentlig ikkje så velidig gøy, for alle bomma. Trur ikkje Kåreviksguten var engsteleg på slutten ein gang.
Takk for ei fin økt som har gjort meg så støl at eg truleg reiv sundt rekkverket i oppgangen då eg prøvde å komma meg ut av leiligheten i morges!

Bjarte

8 kommentarer:

Anonym sa...

eit nydelig referat bjarte! må sei at dette gav meg fleire smil på ein ellers hard dag før eksamen..i eit lite øyeblikk var eg tilbake i den tida loftnytt kom ut kvar søndag....takk

Anonym sa...

Då vil eg nytta høvet til å takka for at du har lagt ut slike flotte bilder Anders! Og lykke til med morgondagen!

Anonym sa...

Dersom man trykker på bildet av Arne ser det litt ut som han sitter i Eias berømte skrukkeposisjon...

Anonym sa...

Frekt.. Fin økt i går. Mølleren var jo et fint sted å henge om en velger å se bort fra Djerv-guttene.. Djerv jentene var det jo intet å utsette på.. En klubb full av gentle-kvinner og ikke gentle-menn med andre ord.. Så langt fra FFSK som en kommer!!
Vel, vi får håpe på at været smiler til oss neste mandag.. I mellomtiden skal eg prøve å få vaktmesteren her på Skolen til å salte litt i bingen, eller evt hive på litt grus. det skulle jo gjøre nytten!

Anonym sa...

Flott referat! Eg føle meg alt for frisk i beina i dag. Surt at me ikkje fekk tatt ut alt i går, men då får me sikkert formtopp neste mondag. Som gamal idrettslinjeelev har eg lært at hard trening+ kvile= formtopp. Så gled dykk til mondag. Då blir det ekstremt høgt nivå.

Anonym sa...

vil bare spør om det ikkje var slik at "taparlaget" leda kampen når me blei avbrutt???

Anonym sa...

eg meiner å minnast at vinnarlaget leda...

Anonym sa...

Eg kan bekrefta at ditt lag ikkje var i leiinga når fløyta gjekk, Bjarte. Faktisk låg dykk opp til fleire mål bak. Det er ikkje løgn ein gong.