onsdag 21. november 2007

Knøttetrening 19. november 2007 - raport

På måndag 19. november, berre ein månad og fem dagar før julaften, stilte 8 glade knøttar til trening. Gjengen som svingte seg i bingen var: Anders, Andreas, Arild, Arne, Erlend, Hans Olav, Terje og Vegard (noko lunde alfabetisk rekkjefølgje). Den første kampen var prega av mange stopp i spelet, grunna ballar som ikkje ville halda seg innanfor vantet. Bare marginar forhindra at stygg trafikkulykkje, då Andreas sleiva ballen over muren. Ballen ungikk frontruta med det ein kan kalla ein hårsbreid avstand. For anledningen valgte me å ha rævskyting etter kvar kamp. Først i elden var Andreas og Erlend. Det endte i bremsespor oppover ryggen til Erlend, etter at Arild hadde tatt fram storsleggo ingen visste han hadde. Rævskyting etter kvar kamp vart ein stor hit, då Andreas måtte by fram æssetuten etter to av tre kampar.
Elles var det fin stemning og god fotball som prega treningsøkta. Været var upåklageleg og nokre varme hender hadde vert å stelt fint med bingen. Med eit slikt flott banemannskap og admenistrativt apparat rundt skruknøttene er det berre opp til oss sjølv om det vert gull eller gråstein i Dale til sumaren. Rammebetingingane er i alle fall på plass. Dagens rosa går til Vegard, og dagens kaktus går til Andreas (utan at eg vil utdjupa kvifor).

2 kommentarer:

Anonym sa...

kaktus meg og kaktus meg der! En real hockeytakling å så fortjener eg en stikkebusk fra plantasjen? hmmmm, skeptisk! koste meg no på mandag eg hvertfall. sett vekk fra mitt noe overilte utbrudd over Arnes velplaserte leggspark, kan eg ikke minnes noen skandaler.. litt hett skal det jo tross alt være! fred og kjærleik!

Anonym sa...

overilt va da ikkje... da e lov å sei frå!