tysdag 20. mai 2008

Referat frå treninga 19. mai

Måndag vart det altså på ny gjennomført trening for skruknøttene. Sju tok turen, men økta vart runda av med bere seks spelarar på banen.
Dei tilreisande var: Vegard, Andreas, Anders, Arild, Bernt, Arne og underteikna.

Det vart spela tre kampar. Dei to fyrste kampane vann Vegard, Bjarte, Anders og Arne, utan særlege problem. Før den siste kampen bytta Andreas og Bjarte lag og det heile vart mykje jevnare. Arne, Vegard og Andreas stakk imidlertid av med sigeren!

Treninga foreløp som vanleg ikkje heilt utan dramatikk. Anders måtte gi seg med ein vond legg omlag halvegs i treninga, og Andreas måtte ta teljing etter å ha fått underteiknas allboge i snuten.
Fleire av knøttene visa og fram prov på fint spel. Dersom ein likar å drauma om fine mål og sveitte skruknøttar vil eg anbefala målet Bernt og Arild scora etter vakkert samspel med hælen som ein særs god kompanjong inn i draumeland. Eit slikt fora som dette er også ein framifrå mogligheit til å tuta litt i eigen kornett, og eg vil difor trekka fram mine silkemjuke stolpe til stolpe pasningar som to av kveldens høydepunkt. Enklare mål har aldri Arne og Arild scora. Når det er sagt var treffprosenten til Arne lågare enn vanleg i går. Og opp til fleire gonger kunne eg høyra den høgreiste* ymta frampå om at han var særs flau over eigne prestasjonar.
(*Aldri har nokon gått så høgt i ein hovudduell på ei Knøttetrening som det Arne gjorde i går. Rett og slett eit spesielt flott hopp Arene!)

Økta varts som vanleg avslutta med at fleire knøttestumpar måtte til pers. Arild, Bjarte og Arne var målskiver, men tre patetiske skotforsøk seinare kunne me forlata målet lika blid.
Økta haldt eit jamt greitt nivå, og humøret var upåklageleg gjennom heile treninga.
Ei verdig framferd ettersom det etter treninga vart vedtatt at den var dedisert ein av idrettnoregs største personlegheitar. Helgemorgonane vil nok aldri verte det same.

Mvh
Bjarte

1 kommentar:

Anonym sa...

Flott referat Bjarte. Godt at du trekker fram egne kvaliteter! F.F.S.K skal jo bestå av vinnere! Eg vil også trekke fram ditt comeback. kondisen hadde gjerne fått seg en liten knekk, men silkefoten hadde tydelig ikke tapt seg etter timer med stillesitting foran masteroppgaven. Gratulere med oppgaven og ett vellykket comeback!
flott at treningen dediseres til K.K.Rike. Blir rart å ikke høre den stemmen når Bjørndalen og gjengen herjer i løypene.