søndag 4. mai 2008

Treningsinnkalling


Sola skin over Bergen-by og bjørka har kledd seg i sumardrakt, men ein stakkars student lyt sitta inne og lesa om Kristian Fredrik og våre forfedre som i 1814 formulera grunnlova og sparka det gamle eineveldet på dør. Det kan vera nok til å få ein mann til å gå i kjellaren, men longt der framme skin der eit lys. Eit lys så sterkt at ein nesten lyt lesa med solbriller på. For kvar mandag får ein stakkars student eit avbrekk, der pensum og hovudbry tar seg eit par timars pause og side 36 i gløymeboka. Når ein trer på seg ein gul eller blå vest og får føla kjensla av skinn som møter lær, då kan Herman Wedel Jarlsberg og Fredrik 6 berre gløyma å forstyrra. Då får livet eit enkelt perspektiv. "Å få lærkula i nota." Ingen ting er mindre avansert eller meir tilfredsstillande. Mai er ein månad for prestasjonskrav og tankebry som er nok til å pressa luggen ein cm lenger bak på pannebrasken og farga nokre av dei gjennverande håra grå. Mai er også ein månad for livskvalitet og smilerynker. Så ta på deg ditt finaste smil og still opp på Bergenhus festning klokka 17.30.


Kven kjem?
Tok med ei lita illustrasjon over korleis melkjesyra ser ut. Ikkje noko spesiell grunn til det, men det kan vera kjekt å veta.

9 kommentarer:

Anonym sa...

finfin innkalling....må sei at eg kjenner meg igjen i dei kjenslene du skriv om...eg kjem i morgon..og står gjerne i mål med bjordal før fyrste økt pga respektlaus oppførsel under sist trening....sove middag gjer ein berre ikkje når knøttene koser seg på festningen...

Anonym sa...

eg kjem!

Anonym sa...

eg kommer selvølgelig. og er kjempeklar for å gjøre opp for mine gammle synder:)
At du tarmed et døme på korleis melkesyra ser ut, er slett ikke uten grunn.
Unge lovende Bjordal. har nemlig trasket opp Fossabrekko, liketil Kattnakken idag. Dette var jo ikke noe kunst i seg selv, og heller ikke stor grunn til melkesyre. Dog fant Bjordal det for godt i all sin ungdommelige dumdristighet å jogge ned igjen. For de som har vert der vet de jo at veien ned igjen er veldig bratt. Joggebremsing tar å både legger og lår. Så det er en heller stiv og støl kar som stiller på festningen i morgon!!

Anonym sa...

Eg kjem!!

Anonym sa...

Eg kjem også på trening:)

Anonym sa...

kjem

Anonym sa...

kan ikke idag..Oppgavedritt..

Anonym sa...

eg kjem

Anonym sa...

eg kjem