torsdag 29. mai 2008

Treningsøkta 26. 5. 08


Eg vil fyrst berre beklaga forsinkinga av treningsbloggen! Eg hadde lova å få den ut på veven innan onsdag, men tankjane mine har vore andre stadar då bestemora mi reiste heim til Himmelen på tirsdags morgon. Men her kjem eit skriv:

Måndagens økt fekk ein noko rotete start, då Arne- moglegvis på grunn av meg- valgte å avlysa økta grunna folkefråfall. Men Bjarte fekk pusta nytt liv inn i sluttkjørte lemmar og fekk i tillegg med seg Bernt. Brått var problemet løyst og me kunne igjen kalla inn til trening.

Dei som omsider møtte fram var Arne, Arild, Andreas M, Anders, Bernt, Bjarte og Erlend. Heftige vindkast og låg kveldssol klarte ikkje å settja ein stoppar for fin fotball og høg passingskvalitet. Fira intense kampar med knoklar og albuar førte til ein og annan smell. Arne måtte stilla seg på sidelinja under den siste kampen, etter å ha møtt veggen (Erlend) og slått kneet sitt. Han vart likevel ståande samvitsfult og venta på rævsparket han hadde kvalifisert seg for. Det viser solidaritet til laget og regelverket. Honør til Arne for det. Saman med Erlend og Arild bydde han fram sin flotte bakende, utan at det førte til noko anna enn eit streifeskot frå Morland.
Bjarte skal også ha honør for å stilje til trening etter å ha traska over- hald dykk fast- fira fjell dagen i forvegen. Ikkje verst. Andreas og Erlend klarte berre eit fjell då dei freista å gjennomføra same bragda i 2006. Det fortel ein heil del om kva fysisk form Bjarte kan skilta med. Jernknøtten 2008 går difor til Børtveit. Sett den på peishylla.
Eg vil med dette takka for ei flott knøttehaust, då dette vart min siste trening før sumaren. Eg reiser heim på sundag for å passa på at ikkje graset blir for høgt på kyrkjegardane. For resten av gjengen blir det sikkert eit par økter til før ein får leggja seg tilbake i hengekøya og jobbe med brunfargen. Kos dykk!

Mvh.: Erlend

1 kommentar:

Anonym sa...

Kondolerer Erlend...ikkje kjekt når nokon står deg nær dør! Ellers eit finfint referat....du får ha takk for menge flotte treningsøkter denne våren..hadde vore mange baklengsmål om ikkje du hadde vore der med ein stødig fot....