søndag 18. mars 2007

Trening på mandag 19. mars

Me startar vekas treningsøkt på same tidspunkt som forgje gong, altså klokka 18.00. Dette såg ut til å fungere fint for alle.
Vekas tema vert langskot til ære for rundens prestasjon. Robinsons mål frå eigen sekstenmeter er verdt å øve seg på. Sverre kan nok koma med eit par triks i denne anledning.
Skulle du kome litt seint til trening mandag kveld og du ikkje finn nokon av lagkameratane dine, skal du ikkje sjå vekk ifrå at me har flytta eit hakk ned til Sverresborg. Dette er berre viss det er opptatt på den vanlege plassen.
Arne

Ingen kommentarer: