onsdag 30. april 2008

Treningsref. for måndag 28.04.2008


Åtte høgreiste karar fann vegen til Bergenhus festning denne regntunge vårdagen. Dog opne slusar var speleforholda ikkje noko å klaga over. Temperaturen var det ein ofte vil kalla lummer og ein og anna knøtt påpeika at matta er glattare ved yr i lufta enn ved dråpar. Det trur eg me kan gi dei rett i, då eg ikkje kan minnast at nokon andre enn underteikna som måtte ned for telling grunna underlaget. Dagens oppmøtte var Andreas B og M, Hans Olav, Arild, Arne, Øystein, Vegar (kom forseint grunna cowboystrekk- nesten grunn god nok til rævspark) og Erlend. Me spelte fira kampar med bra tempo og fint spel.


Reint taktisk vart Hans Olav og Erlend veldig begeistra for den defansive modellen: "katta i sekken" (sitat Hans Olav). Det går ut på at dei to offensive spelaren presser ballførar inn i midten, der han vil møta to store og sterke stopparar som rydder opp i stor stil. Det vil sei at ein nøytraliserer kantspelarane til motstandarlaget. Arne hadde derimot større tru på å legga tre mann i forsvar og ha ein mann på topp. Sikkert flott det også, Arne.


Arild har no reist til England for å tjena seg rik på pengespel, og det kan visa seg å vera gunstig for FFSK. Han har nemleg lova å spandera nytt draktsett, med kortebukser, sokker og overtrekksdrakter. No blir det hummel på heile gjengen. "Flott Arild, du er snill! Respekt!"


Det var berre ein mann som klurte ballen over gjerdet denne gangen, og det var Bjordal. Då han skulle på visning vart det ikkje tid til å avstraffe han denne gangen. Det vekte store reaksjonar, og endte med at Arne nekta å gi han ballen sin. Det synest ikkje eg var bitten barnseleg. "Respekt til Arne òg!" Bjordal skal sjølvsagt ta imot straffen sin neste mandag. Vonar det var ein fin leilighet og at det var vert turen.


Då kan eg ikkje minnast fleire nemneverdige ting frå denne treninga. Ha ein fortsatt fin dag, så får me sjå om ikkje Riise kan få ein litt betre aften i kveld enn han hadde for ei veka sidan.


Klemz frå Erlend!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flott referat som alltid Erlend. Stemmningen var jo heller lunken når eg forlot treningen sist. Det respekterer eg fult ut. mest sannsynlig ville jo eg vert den mest høglytte om noen andre hadde gjort det samme. Rævsparket skal eg selvfølgelig ta i mot med glede. For å teste knøttene litt tilbyr eg alle to forsøk, dog må det skytes ett med hver fot. Så det er bare til å trene opp venstreslegga til mandag. Trøsten får være et leiligheten falt i smak. Faktisk endte det opp med ein hektisk budrunde. Men eg holdt ikke helt inn. Kondisen slapp litt på slutten å eg ble knust i siste halvdel av en med mye større lommebok. Kjøpelag stinker.. Ikke ulikt ett vist blått lag som skal i aksjon ikveld.
Satser på at riise stiller med nybleiket hanekam og header ballen i rett not denne gangen!
Snakkes neste mandag.

Anonym sa...

veldig interessant, takk