tysdag 1. mai 2007

Ein flott dag for fotball


Mandag 30. april var ein flott dag for fotball. Grunna misstankar om stor pågang på Bergens fotballfasilitetar valgte leiinga i FFS å leggja treninga til kl 17.00. Det viste seg å vera ei god avgjer. Dei første tre kvartera måtte me dela bingen med fem andre glade ungdommar frå Sunnhordlandsdistriktet, blant dei også ei jente. Dette var første gong ei jente fekk vera med Skruknøttene på treningsfeltet, og rykta går om at Karita Bekkemellem framleis sit og slår seg på brystet over at kvoteringa har festa grepet på det mannsdominerte miljøet. Elles skal det og nemnast at den raudhåra jentungen kanskje skåra dagens mål då ho gjekk ut i spagaten på eit innlegg og satte ballen kontant i nota (om ein ser bort ifrå det flotte langskotet til Andreas som vart anulert for å vera på feil side av midtbanelinja).

Vestane var, som på forhand anonsert, uvaska og fine. Den heilt motbydelege sure lukta har me endå ikkje klart å imprignera dei med, men dette går me ut ifrå at skal vera i orden før me tar sumarferie. I alle fall har Arne lidd eit sviande nederlag i debatten om at vestane skal vaskast eller ikkje.

Dagens brølar var det Arild som stod for, då han satte fart med ballen nedover venstrekanten. Heilt uforstyrra fekk han føra ballen inn i ein gunstig posisjon. Forsvarsspelet til motstandarlaget var slett, og alt låg til rette for eit flott angrep. Men då ingen av forsvarsspelarane hang med i svingane, tok Arild lika godt spaden i eigen neve og takla seg sjølv. Det er i dag litt uvisst om han snubla i ballen, eller om det var underlaget som spela han eit puss, men utfallet vart uansett katastrofalt. Arild måtte halta heim med røken minisk, kneskål ute av ledd og ein ankel på storleik med ein medisinball. Det var også nokon som meinte dei hadde sett at han hadde fått noko som likna eit kross som penetrerte baksida av leggen hans. Det blødde vist stygt. Me vonar at han snart kjem seg til hektene.


Elles var sola varm og knøttene glade. No gler me oss berre til neste mandag, for då skal me alle samlast til ny dyst i bingen. Me sjåast då.

6 kommentarer:

Solseng sa...

Flott innlegg, Thoresen. Ser på bilde at du og Bjordal også har øvd inn lissetrikset. Flott svung på det skuddet der

Anonym sa...

Fyldig og fin skildring av ei fotballøkt som gjekk føre seg under særs flott omgivnadar! Til å aldri å ha skrive treningsrefferat før synes eg du har skrive ein særs god skildring! Kven sku tru at du står med E som tellande resultat i Norsk fra NLA!
Sidan du er så beskjeden og ikkje nevner det sjølv vil eg og nytta høve til å gratulera Erlend som den først vinnaren av sviræv på ei Skruknøtt trening! Godt gjort.

Arne sa...

Flott, men eg har to ting å kommentera.

For det fyrste, eit sviande nederlag er vel å ta litt hardt i. Eg er ikkje så stor forkjempar for saken om vasking av vestar, det var ikkje eg som stemte for vasking etter kvar trening. Men sjølvsagt, marinering av vestar får dei sju som stemte mot vasking i det heile tatt ta seg av. Kjem dei under mitt tak får dei seg ein lett dusj.

For det andre. Er det rett at Arild skal få dagens tabbe, eg synes i det minste at den burde gå like mykje til Sverre som mæste ballen langt ned på Koengen. Eg var ikkje så langt i frå å gjer det samme sjølv, men trea var heldigvis på mi side på mandag.

Anonym sa...

er det noen som har hørt det endelige resultat av skaden til mr.bluelid eller? kanskje han kan komme med en utbrodering selv? det stod jo så fint i treninsinkallingen at skader og kutt ikke ville godtas! ergo bør det være både blått og hovent for at fraværet under siste timen av økten skal bli godkjent!

vel, ellers vil eg slenge meg på resten å si det var en glimmrende økt! som førstereisgutt i nye vester vil eg også rope et høyt hurra! dette var saker!

til slutt vil eg legge inn en liten klage skråstrek ønske.. neste gang vi skal spille ræv, så må reglene være klargjort på forhånd! offring må helt klart være et krav! og sist men ikke minst, vinneren får bare en sjangse til å skyte! denne gangen valgte jo vinneren å plassere en suser i min stump en god halvtime etter at rævkonkuransen var avsluttet..

love

Solseng sa...

Ynskjer ein rapport fra sykesenga til Blålid. Snakke med alvorlig skade?

Anonym sa...

Det går mange rykter for tida, tilbake på mandag? Trenger to veker? Uvissheten ligg og gnikker på sjela mi som isopor på glass! Kor lenge vil egentlig Arild vera satt på sidelinja? Er det nokon som veit noko?